Heilo - mi heilo
av Signe Seim Står på ein stein og kviler ved vatn i vierfjell, vakkerfuglen som fløyter einsam ein vårblå kveld. - Kom no, kom no, kom no til meg! Ligg på eit reir og drøymer ved vatn i vierfjell, ventar ungar som kravlar kring ho ein sumarkveld. - Kom no, kom no, kom no til meg! Flyg frå ein frost som jagar ved vatn i vierfjell, landar på fjerne flyer, lengtar mot vår ein kveld. - Vent no, vent no, vent no på meg! - Heilo, mi heilo, eg ventar på deg, kjæraste du! Kjelde: Det måtte vera her, Boksmia forlag, 2012, s. 35