Innlegg

Viser innlegg med etiketten Venås‚ Lisbet Lid

Song om ei tjørn

av Lisbet Lid Venås Sit du ein kveld nordmed Kvithammartjørn når røsslyngen brenn over rind og rust, og kjenner deg fri som den vindborne ørn ei skuggemjuk, blånande stund i august, logande soleglad gyller kring våte sva... - då kan du' kje gløyme det meir! Gøymd mellom kvitberg i sørbris linn ligg tjørna og smiler med auget blått. Ho sullar den einsame songen sin og skvalar mot steinan' med gråt og lått, sukkar så kald og djup under vågville stup. - Det sislar i storrgras ved land. Det stilnar i skardet når sola går ned, og tjørna vert løyndomsfull sval og svart. Myrmosen sovnar i seinsommarfred når dimma kjem stigande, lett og vart. Lyngkvisten lyser ung, spreier sin ange tung. Og nordom veks saftiggrøn blom. - - - Sit du her inne hjå tjørna ein kveld og kjenner du eig ein kosteleg skatt - Og leikar ein tone så vidt over fjell, som lokkar i hugen den lange natt når du lausriven må fara vegen herfrå... - Då veit eg du kjem eingong att! - Kjel...

Fjellsundag heime

av Lisbet Lid Venås No ler dei kvite viddene som eg har fått i gåve. No spør dei svarte skogane om dei lyt meire sove for sola brenn i Skredebrun og lokkar vårgråt fram. – No får eg skunde meg or tun før snøen vert for kram! Den kvite låma svingar seg i myrullmjuke lier. I isband elva kringar seg og smyg om sølvgrå vier. Med fjellkvat fart går løypa ned frå vardetårn på tind. – No gjeld det om å fylgje med så snøgg som austavind. Og fjella – himmeltøygde fjell – min barndoms trauste vakt med glim og geisledans i mjell, dei eig ei blåsval makt. – Når sola sveiper nut og koll og sildrar lufta klår får samangrodde hamartroll gullkorn i skjegg og hår. Dei endelause blånane og sky i sutlaus ro og dagsens eldbåt brånande er heile verda no. – Ein fjellheim full av reint og stilt. Mi von – som himlen blå. Solsundagsvinden kjæler mildt. – Og m i t t – alt eg kan sjå! Kjelde: Villgras , Fonna Forlag, 1959, s. 39

Røsslyng

av Lisbet Lid Venås Røsslyng, når du breier ut din solbrann over kinn, gyller nakne vidd og fjellbrun snaue, tusen stjerneroser blømer raude. – Røsslyng, vil du vera blomen min? Røsslyng, når eg traskar trøytt i kalde skoddeskog, møter meg eit syn som ler og lyser fargerikt – og von og varme hyser. Skaper lyse tonar i min hug. Røsslyng, du er fattig fødd og armodsfarga, nei! Ven, du er den rikaste eg kjenner. Ingen har slik fjellfast tru som brenner bjart i sol og regn på aude hei. Røsslyng, om mitt stutte liv fekk likjast litt på deg –! Du som uredd trassar harde vindar. Takksam, utan krav du kjærleg tvinnar gledekrans kring einsleg vandrars veg. Kjelde: Villgras , Fonna Forlag, 1959, s. 18

I tofeste

av Lisbet Lid Venås Svartnande flogfjell. Sleipsikler nedetter skorv. Hangande hamrar. Dirrande lausmosetorv. Gapande urder der ulykka lurer. Flåbratte bergrygg lokka med frodiggrøn to. Kvitsau vart fanga, vinn aldri oppatt no.  - Kaldfoss med dunder larmar innunder. Fossen et skriket som ifrå snaue skòr skjelv gjennom skodda. - Livredsla rår. Blodramnar hakkar i hjelpelaus stakkar. - Villfjellet hyser fare. Det gufsar or kvasse klype, sjogar i tronge gjel. Sjølvberga kjem aldri liv framom her. Og ikkje nokon ser at dyret vonlaust lid og svelt i hel i moldturr rand. - Det ingen veit om, ingen hjelpe kan. Kjelde: Villgras, Fonna forlag, 1959, s. 16

Til fjellet

av Lisbet Lid Venås Du eig min hug, du ville vidd med urd og verhard lyng, med blom og bjørk kring myr og tjørn der solgangsvinden syng. Du fekk mi tru ein vinterdag så høg – med solbleik snø. Du fekk mi von ein seinhaust blå med gull og gråt om hø. Du fekk min draum ein lengtingsvår, min ungdoms brisingbrann. Eg elskar deg, du armodsgrå, du byrge, rike land! Kjelde: Villgras,  Fonna Forlag, 1959, s. 9

I Kvanngrøfjell

av Lisbet Lid Venås Kvannjol skjer du med kvass kniv i Kvanngrøfjell der kaldvatnet vaskar steinane Reinskar stilken og gjev meg angande ringar i handa Smaken ber meg til himmels og gjer mine solvarme sommarfjell om til eit grenselaust dronningrike Tyra, Tyra, visste du kva du vanda då Tryggvason baud deg kvannjol! Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen, 2010, s. 209

Miljø

av Lisbet Lid Venås Buplassar ved Tesse og fangstgraver Pilspissar av kvarts på rabbane Tallause reinsdyrklauver hamrande gjennom hundreåra Bukken lyfter hornkrona i silhuett mot Glittertinden, jagar gjennom Veodalen med skjelvande naseborer Våpenlyd i øyra Nedfallssmak på tunga Fjerne rop over skimrande lavdekte fjell etter det tunge regnet Kobolt-tabletten glir ned gjennom halsen; framtida må bergast! Men breane rodnar av kveldssol i vest og tusenåra vev seg sakte inn mellom horntaggane Kjelde: Privat

Snøsøte

(Gentiana nivalis) av Lisbet Lid Venås Der du ventar det minst møter ho deg, snøsøta med si himmel-helsing Blåare enn alt som finst svarar ho deg - berre dagen ikkje er for kald Men gløymer du å syna varme vert augo utan svar Kjelde: Privat

Moskuskalven

av Lisbet Lid Venås Urikkande i storm på Dovrefjell Snø i ragget Is kring mulen Frost under klauvene Flokken tyr saman tett kring den veikaste Lagar ein ring i kulden trygg som ein vegg mot vinden og farane Vernar den minste Tek vare på framtida! Kjelde: Jul i Romsdal, 2004

Mogop

av Lisbet Lid Venås Med den saftige kvitsymrevåren syngjande i våre vestlandshjarte møtte vi nordakulingen isande om øyro der breane låg og klumheldt vinteren fast. Leitande etter teikn austanfor alle minne... Og brått: Eit syn vi aldri hadde venta: Lysande, smilande mellom turre tuster tett ved bakken; lodden og kyllingmjuk knoppferdig frå året før, kvitlilla kronblad lyfte fram ei sol av blomstermjøl og honning... Eit under opna seg ved kanten av snøen - Fjellvåren gav oss handa for alltid og tok brodden av kvitsymresaknet. Kjelde: Norges fylkesblomster, Inger Gjærevoll, Tapir forlag, 1999

Krystallen

av Lisbet Lid Venås Krystallen blenkjer i berget einstad for vind og for ville fuglar men sjeldan for menneskeauga. Og snaufjellet breier seg milevidt einsleta, magert, utan eit under. Stein er det nok av og ord er det nok av - haugar av ord gråe som berg. - men ein hende gong finn du krystallen gjennomskinleg ligg han i hada speglande av alt ljos - og  ein hende gong kjem deg til møtes det gode ord som veg tungt og søkk djupt og gjev deg ei varig glede klår som krystall. Kjelde: Bålet, Fonna forlag, 1976, s. 11