Innlegg

Viser innlegg med etiketten Bjørgo‚ Trygve

Saknad

av Trygve Bjørgo Åleine på stølen ein haustkveld eg vankar. Audt er det allstad, og fjellstilla rår. Hugen min hyser så tungsame tankar; men Vêrbrauta blenkjer, og konrmoen brår. Eg går inn i selet og set meg ved glaset, kjenner meg underleg einsam på jord. Kveld-dimt her inne. - Ein røsslyng-fylt vase manar fram minne, så mange, om mor. Der stod ho, ved gluggen, og gløtta mot Skardet, venta så vonfull på heimfolk, på far. Kaffikjel`n kokte og sputta på baret og brisken kring peisen som nyfjelga var. Ho stod bortpå stølsbakken, kaua mot kollom, så ljodlinn ei lokking, så fjell-fjernt det bar. Bjøll`kua rauta på Vierdokk-vollom. Døyvt, ifrå knattom kom dvergemål-svar. No står ho kje lenger på Haugom og hullar og lokkar i lengt mod dei blå-dimme fjell. - Ved åren sit ingen og småsyng og sullar - ell tryllar fram trolla ein eventyrkveld. Ho står kje ved størhuset, kikar mot kollom, lyder og lengtar og stundar på far. Det angar kje ein`lòg...

Venen

av Trygve Bjørgo Det var i fjellet at dette hende: Var komen opp i eit ukjent lende: Ættvill var eg og leia løynd. Å natte ute vart kanskje røynd. Or skodda komen, eg stod på tinden - ein ukjend ein - og der herja vinden. Han ula illsint og gav meg svolk. Han er ein jutul mot fe og folk! Han kvein og knurra så olm og vill og ylte arg: At eg enn var til! Og skodda kvervla. Eg lite såg av vidd eg ana ikring meg låg. Då fann eg naudhjelp på nakne tinden: Ein livdehellar mot kvervelvinden. Så sat eg, kvilte. Var lognt og stilt. Der ute gaula det, rovdyrvilt. Men lengre laut eg, for drye her i slikt eit ofseleg angestvêr? På våge drog eg i skodda ut. Forlét min hellar ved ukjend nut. Brått fann eg stigen, ein liten ein. Han kom frå vona, som ærendsvein, og baud seg fram i ein naudarbolk. Den stigen leidde meg heim til folk. Kjelde: Straumar under yta, Aschehoug, 1986, s. 52

Langt uti leitet

av Trygve Bjørgo I dag såg eg Glittertinden, kvit imot kuppulen blå. Han langstirde mot frå sitt rike. Ein ageleg jotun å sjå. Å, atter få kjenne at lengselen stig: Å få gå imot kvite tindar og veta at enno finst unådde mål under reinsande vindar. Kjelde: Straumar under yta , Aschehoug, 1986, s. 49

Skinande fjell

av Trygve Bjørgo Ute på stupet mot dalen stana eg trøytt og såg attende mot Vardafjellet som enno i kveldsol låg. Fredeleg raudna det mot meg. – Brått var det som Skaparens hand slengde ein logande kyndel over det snøkvite land. Fjellet braga og gneista! Glødd vart eg sjølv, og tend. Det var som ei Himmeriks helsing ned i mi sjel vart send: Slik skal den gode gjerning stå som eit skinande fjell og lyse ein ferdamod vandrar ned imot dal og kveld. Kjelde: Vokstergrunn , Gyldendal Norsk Forlag, 1961, s. 24

Vilje

av Trygve Bjørgo Tybast, kven baud deg å bløme på naken kvist når andre smaug redde inn i sitt skjol og bad om frist? Isranunkel, kven gav deg din seige vilje til liv oppunder stup og gufsande bre der mosen krabbar og kliv? Villrein, kven lærde deg danse når nordljoset braglar og skjelv og vargen hyler i hunger på breiddom ved Tana elv? - - - Tybast og isranunkel, mose, rein på bre: Opphavsviljen i Noreg, mergen i livsens tre! Kjelde: Vokstergrunn, Gyldendal norsk forlag, 1961, s. 6.

I fjellbandet

av Trygve Bjørgo Her strir dei om råderetten fjell og li. Fjellet ver seg med beiske vindar vil vera fri. Frøyser nedåt så mang ein runn andar isdød med blåfrostmunn imot livet. Skogen slengjer ut blyge frø som fell på steingrunn og skaresnø. Tidast møter dei vinterkår. Men frøa ber på ein kim av vår som skal sigre. Kjelde: Frø i vind, Gyldendal norsk forlag, 1968, s. 56

Kinnmjuk

av Trygve Bjørgo Gråe bergveggen drøymer eg om så tidt: At han ikkje skulle vera så hard å stø seg til Kinnmjuk skulle han vera slik ei kinn kan vera som er både fast og mjuk Kjelde: Kvit hest under hegg , Gyldendal Norsk Forlag, 1972, s. 32

Til dvergbjørka

av Trygve Bjørgo Deg Bétula nana ærar eg. Ikkje for utsjånaden din. Du ris ikkje bratt og byrg over berglendet. Skodar deg ikkje furustolt ikring og gleiner ned på hine. Å nei! Du held deg nedåt bakken du. Men du var den fyrste her etter isbreen byrja å bråne. Den fyrste busken som stod i råkalde motgufsen frå den hòpande breen. Kjelde: Kvit hest under hegg , Gyldendal Norsk Forlag, 1972, s. 16 hòpa : dra seg attende

Einerkrøkla

av Trygve Bjørgo Eldergrå på knokane. Trassig-grøne kvister. Sjølvgrodd og hardbalen kuvar ho seg krøkla sterkt ikring ein steinkult på barden av ei rasurd. Har leita fram og funne seg ein verestad så vågal. Ligg ho der og hykjer seg når spretne bergablokker reiser seg mot stillstand og bykser ut or gråtinden. Bryner seg i kåtskap på sprang nedover urda. Roast mellom standsbrør. Gror så til med mose etter kvart. Vinden riv i einerkrøkla. Frosten bit i baret. Turken tærer krafta i tråe sumardagar. Men krøkla held seg grøn gjennom alle årsens tider. Byd deg krossmerkt bær når grøda hennar mognast. Er heilt seg sjølv einast her. Kjelde: Kvit hest under hegg, Gyldendal norsk forlag, 1972, s. 15