Innlegg

Viser innlegg med etiketten Jonsson‚ Tor

Oppi tindom

av Tor Jonsson Dagen står kald kring vårt hjarte i otta før gravsens gry. Kring dagen står fjella svarte, – stengt er det alle stader med tind over tind mot den bleike sky. Eg fylgjer dagen mot soleglad og drygjer i einseto øvst oppi tindom – Men alle tindar skal natta ta – Kjelde:  Ei dagbok for mitt hjarte , Noregs Boklag, 1951, s. 48

Norsk kjærleikssong

av Tor Jonsson Eg er grana, mørk og stur. Du er bjørka. Du er brur under fager himmel. Båe er vi norsk natur. Eg er molda, djup og svart. Du er såkorn, blankt og bjart. Du ber alle voner. Båe er vi det vi vart. Eg er berg og naken li. Du er tjørn med himmel i. Båe er vi landet . Evig, evig er du mi. Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 94

Kjærleikssong ved tjørna

av Tor Jonsson I einsemda såg eg tjørna spegla dei sløkte dagar. Sorga som kvelden sende, vart alltid ei lengsle mot deg. I blånane nedafor berget såg eg stjerner vart tende. Og møter eg augo dine, ser eg i same djupet. Bilete av berg og stjerne ber skimrande bod frå ei sjel. Eg ser inn i æva når elden flarar opp i det fjerne. Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 96

Ved fossen

av Tor Jonsson Eg står på brua og ser i brådjupet. Fossen kokar sin avgrunnseid. Fossen sjodar i alt mitt lynde. Men sola strålar ifrå ditt ynde, Eg elskar fossen. Eg elskar deg. No skin det sol over sætergrendene, der du lokkar din bøling heim. Berre storme og gjer deg stri, foss! Ein lagnad skilde vel lengsla i oss. Men elskhug lever til siste kveld. No syng du viser, dei glade visene. Dei er stjerner i natta mi. Minnet målar ditt gullhårglitter. Eg står i blåskuggen, bleik og bitter. Det kløkk i bjøller frå alle berg. Med sorg og skuggar kjem natta sigande. Likgufs kjøler frå naken foss. Band av elskhug kan aldri slitne. Eg høyrer einkvan i mørkret vitne at den vinn siger, som elskar mest. Du har'kje svike, men svaret svidde meg. Svart vert elskhug i einsemdnatt. Enno skimrar eit ljos i hugen. Men minnet græt gjennom heile skogen. Eg hatar fossen. Eg elskar deg. For ein gong kljem du her glad i kveldinga, gleda fylgjer ditt fotefar. Skulle fosse...

På draumegras

av Tor Jonsson Eg ligg på draumegras i avferdsange frå alt ei frostnatt femnde mellom fjell. I siste skøyre seinhausttimen er det mange som helsar livet med eit stilt farvel. Du vilje som var med da isen slipa si strenge rune i det mørke land, du sveiper inn i sky den siste haustsolstripa og knuser gleda med ei knokut hand. Du frøyser blomeblod til småe stjerner,  du svarte lagnad, - slikt skal evig skje. Du strålar kulde inn i alle strå og kjerner og døyver verk i sår på gamle tre. Det lyser gulna lauv som glør i graset. Det doggast over livsens svik og svir. Mot himmelranda logar fjell i haustekstase. Det blånar frost og død frå det som blir - Eg ligg på draumegras og ser dei mørke dagar i sprang for livet mot ein mektig vår. Eg høyrer sevjesus ein stad og ser det svagar ei blomegrein der guden går og går - Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 104

Gråekra

av Tor Jonsson Gløymd er Gråekra. Berre namnet er enno att. Eit einsleg ord fløyter minnet fram att om dei som gjekk her ein heilag haustdag og skar det fagraste foll og batt, til kvelden kom att med store skuggar og vart til natt. Fattig fjell kastar skuggetunger frå nakne horn. Og lang er solsvelta her i lia. men jorda  gøymer bratte bakkar ein dåm av mor mellom magre born. Og like grøn er den harde einen med klumsekorn. Dagen doggflyg og sola rodar dei berre fjell. Og jorda teier. Ho ligg og tilgjev kvar ugjord gjerning. For ho er mora. I klungerbuskane brenn det eld - Den gløymde Gråekra ligg og høyrer til landet lell. Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 42 ekre

Heimkjenning

av Tor Jonsson Det er dei same fjell som før, det er den same sol som blør på tind og nut. Og dei eg vende odd imot er runne av den same rot, med same sut. Her dryp det dogg  i Trongdalsnatt og logar over løynde skatt i Skuggeli. Ein dom er over livet sagd: Du skapar brød, du skapar bragd i dagsens strid. Den same nakne kvasse egg med ørnereir i bergevegg høgg skyer sund. Og same skyming sveiper inn ei sumarnatt når dalen min sig stilt i blund. Det bevrar sol i blanke sva, det susar vind i tusen blad med stråleblenk. Og sola gyller tind og glar, – ho seglar fram att i eit skard med siste skjenk. Sjå elvestilla fær sin eld av soleglad imellom fjell. Den gråe grend ligg glødd som tind i morgongry av strålestriling gjennom sky. Og hjarta brenn - Kjelde: Mogning i mørkret , Noregs Boklag, 1943, s. 63

Blod i snø

av Tor Jonsson No dryp det blod i snø. Det bed frå svarte augnedjupet,  – og angestbåra bevrar gjennom hold: Eit stakkarsting, ei livredd rjupe, som, snarefanga, snart er død. Det kveldar over fjell. Og månen kliv imellom tindom, i kalde hjartelause himmelhav. Ein vindgust sældar snø på rindom og kverv i kvit og månljos kveld. Ei stjernebru er strødd, med æveblenk i jordlivsdagar,  – ho speglar seg i svarte augnerømd. Og nordljosteppet skjelv og blagar. Men auga stivnar, gjennomglødd. Her hjelp 'kje bøn, her hjelp 'kje gråt. For livet sjølv dreg snara åt og kvæver i den kvite snø ei von, eit einsleg minne om sumar over fjell og finne. Kjelde:  Mogning i mørkret , Noregs Boklag, 1943, s. 41

Nordved Sjong

av Tor Jonsson Eg går her og vinglar og vimar på strendom ein stad nordved Sjong. For minnet krev sine timar – og helst vil det ha ein song. Eg set meg varleg og ventar til tida går att og bak. Og kvelden kjem att og hentar eit gloande månevrak. Kveldsvinden hullar ein springar. Og kvelden gøymer ei natt. På vatnet gjer fisken ringar, dei kverv og kjem aldri att – Da klårnar det opp eit minne på strendom ein stad nordved Sjong: Ein kveld eg møtte ei kvinne for fyrste og siste gong. Og augo dei smilte: Tak meg. Men tanken kalla det svik: Brenn ikkje bruene bak deg. Slikt er for den som er rik. Men sumaren vart til ein domar: Syt 'kje for lekam og sjel. I bergom står tusen blomar og blømer seg beint i hel. –  – – Bårene bevrar kring osen, og månen sår sylv over sjo. Og dagen legg atter kosen mot vest og vert borte i blod. Men inge...

Byggje tårn

av Tor Jonsson Grava gråstein utor veitom. Bera lyftarstein opp mot høgste leitom- Lyfte draumen opp or einsemddjup. Bera draumen bort frå stygge stup. Vera ein. Bera stein. Stein er søkkt djupt i dy. Bera - Byggje høgt- Byggje tårn mot sky. Bera stein. Gjera draumen stor. Byggje tårn, bru frå jord- Byggje høgt over li og lein- Bera denne draumen- Bera stein. Kjelde: Dikt i samling, 1967, s. 174.