Innlegg

Viser innlegg med etiketten Kummen‚ Tea

Morgon på Neto-Sæter

av Tea Kummen Ei lita selsdør                                                           på gamle hengsler går opp. Og gjætarguten på sengehjellen står opp. Budeia lyfter frå hafellstauren eit mjølkespann. Høyr, bekkebrusen bryt morgonstilla ørlite grand  -  . Og silingskluten og spenasmurning og kakk  -  . Ved laugga heng det ei lita sleipe og makk. På stein ved lækja ligg skurefille og banketre, der blanke dropar av morgondogga no trillar ned. I dag vert bølingen høgfjellslokka på øvste råk: Så lang ei dagsferd på Sekkeflyom  -  med tråkk og tjåk. Nei har du sétt på  -  . I nørdre Brandsar står geitfjøsdør på vidan vegg  -  ...

Oppi Vigga

av Tea Kummen No stig eg ned i frå fjell til dal. Her attanfor ligg den stille klåra, der er kje  f u s k e t  for pengar fal, men helsebot for ein sjuk og såra. Og småe tjønner og bekk og bre, dei dreg ein sukk no i nattestunda. Tru om dei drøymer, ell' kva det er dei strir med her og når auga blundar? Tru dei har samvit som røyver på seg no, og geispar mot morgontimen?  -  som skvett og skvamplar og røyner på når fjellet ventar på solgull-glimen? Ska' tru om vidda har hjarteklump der innom yta i brune barmen? Eg tykte mest at eg høyrde dump og kakking her nordi Aursjokvarmen  -  . Teg still min tanke. Dra skoen av og stig på kne her på vesle tuva. For sola sprett over hei og hav, og no tek myrulla til å duva  -  . Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen 1952, Dølaringen boklag, 1994, s. 114