Innlegg

Viser innlegg med etiketten Nygard‚ Olav

Mitt rike

av Olav Nygard Mitt rike er dei kyrre fjellske dalar; der søv ein morgonskugge under fjell som han var evig drott i sine salar; fraa høgd og hamrar bekkjesusen fell paa skumdriv-skavlar, el seg upp og hjalar, men spaknar av, til linne vindar vell or dalalunga,  –  braatt paa breide vengjer han skivrar ned or sine kvilesengjer. Kor graabergfaks ris høgt mot himelklaaren! Kor breide svadbergbringur stend i rad og freistar halde heime all den vaaren som fossar fram med solsprett, solarglad; men vemods-veike ser dei dagen boren av allmaktshender bønlaust burt, avstad um alle langsyns-blaanar. Finst det heimar som fangar denne her som hamlaus sveimar? Aa tru um æva eig so varme hagar at gløymde gledeminne der slær rot og blømer fargefagrar fram, og lagar seg helsingrekkjur til eit varmt  « Godt mot » ? Og mine fjell  –  naar eingong verda ragar og brotnar, naar det skiplar alt av grjot,  –    det sviv so sælt,  –  ...

Til fjells!

av Olav Nygard Til fjells, til høgd og vidd, det er mi traa, til topp og tind, or laage lyrmne dalar; til fjells der bekken græt og vinden svalar, der ørnen ror i reine himelblaa. Til fjells aa berge sjæla saar og varm or valne dagetal og dauve vende der folka søv si livetid til ende so kjenslelaust som tre i likferdskarm. Du raude rivne sky som synest dømd til leike fyr dei kvilelause vindar som driv deg av i flog um alle tindar, – du er mi sjæl, or svarte havdjup rømd. Det var den himels unge solareld som løyste deg til denne ferdafaare, – eg veit din lagnad: Du vert tyngd av taare og fell til jords din siste leitingskveld. Men upp til fjells, so høgt som sky kann naa; min fred er alen av den store stunding rundt heile heimsens hovudlause runding, og døypt i stir mot evigt himelblaa. Kjelde: Runemaal , Gula Tidend, 1914, s. 11

Njupa

av Olav Nygard I løynde kraa innimillom fjelle der er so trivlegt og reint eit stelle. Ein liten fjellbekk renn utfyr der, og smaabylgja yver steinen slær. Der veks ein klungerhekk stor og diger. Naar sevja uppetter klungen stiger, daa skyt dei grønaste blad og blom naar vaaren upp i den rifti kom. Og blomar ljosraude, andre bleike, sterk daam fraa sume, fraa andre veike. Dei staar ikring seg baad' dag og natt, men daamen misser dei nokso bratt. Ei stund paa sumaren, so dei stender- sin gode ange daa ut dei sender, men fagre blomsterkrans snart fell av, i svarte moldi han finn si grav. Og so kjem hausten med snjo og kulde, daa under snjoen dei heilt vert dulde. Men naar so snjoen om vaaren renn, Dei atter grøne og friske stend. Olav Nygards fyrste barndomsdikt i Norsk barneblad, 1900. Kjelde: Nynorsk lyrikk, Selja forlag, 2009, s. 179