Innlegg

Viser innlegg med etiketten Høydal‚ Aslaug

I haugar og berg

av Aslaug Høydal Det bykser so mangt uppi bergi blå, det tuslar so stilt nedi haugan grå. Det smattar og kikar i sprekkin små, det klukkar i fossan langs Gjevarå. Det bykser og tuslar og er slik styr, det hugar, det lokkar på tussekyr. Det fetar og tassar, kruslar og kryr, det lever i åsan rundt Storemyr. Det ropar frå Ramås ein tussegut: Eg vil ut, eg vil ut frå den mørke nut, for eg hev fengje slik hjartesut. Ei jente som smatt millom holt og kratt ei tussegrå natt og kom ikkje att. Det sukkar og klagar i bergi blå, det tuslar og taslar i haugan grå. Det smett og kikar i sprekkin små, men fagerjenta fær ingen sjå. Kjelde: Me skal ikkje skjøne alt , Seljord sogelags skriftserie nr. 3, 1995, s. 7

Gygri

av Aslaug Høydal Høgt upp i nuten ei hole så vid ja mest som tri, der sat ei gygger og huska så blid å hei å hi. I dag hev eg fenge ei visdomstann ja så mi sann, no skal eg lure dei menneskeban så fort eg kan. Og gygri ho flirde så nuten skrall tra-la-la-lall, så steinane rulla, braka og small så kom ein trall. Visaste gygri på langande veg ja det er eg, og her kan dei koma og prøve seg ja prøve seg. Og så lo ho på nytt så nuten sprakk men akk og akk, for steinane rulla og gygri datt og kom kje att. Frå urdi kom berre den røyken blå å hei å hå, og gygri var aldri meir å sjå der etterpå. Aslaug Høydal Kjelde: Trippeskor, Dreyers Forlag, 1980, s 59

Nyårskveld

av Aslaug Høydal Det bivrar so fint bak ruta ein tåreblank nyårskveld. Den seinste dagen i året hev gøymt seg bak mine fjell. I stogo so logn ved gruva sit huslyden samla til ro. I bringa rår von og venting for det som skal hende no. Eit vonfullt år er på vegen, ein ungdom so lett og fri. Han susar fram gjenom rømdi og svingar med fana si. Ein ungdom med fred i hugen ein sjønneklår vinterkveld. Godt nyår til heile verdi, han helsar frå høge fjell. Det svarar frå mange munnar eit stort og jublande kor. I nott når nyåret vaknar, me helsar med fred på jord. Kjelde: Fint fylgje. Bånedikt og småsoger , Ansgar Forlag, 1988, s. 41

Orion

av Aslaug Høydal På himmelen ser du ein gasta gut, han tøygjer seg ivi den høgaste nut. Ein kjenneleg mann, tri sjønnur i beltet det heve han. Dei stend litt på skrå og so er dei blå, det kan du sjå. Orion heiter den sjønnemann, spring ut ein kveld so ser du han. Han stend der i kjortel so flott og fin, medan sjønnune glitrar  i stråleskin. I februar ser du Orion best, då dukkar han upp i sør eller vest. Her kan du sjå han kvar einaste kveld til han gøymer seg atter bak dine fjell. Kjelde:  Fint fylgje. Bånedikt og småsoger , Ansgar Forlag, 1988, s. 36 Lagt inn av  Fjelldikt   kl.  08.24   Ingen kommentarer: 

Gråmosen

av Aslaug Høydal Gråmosen kler bergi og steinane. Hans oppgåve dette å sjå alt i grått. No er det ingen som ser den raude jaspisen under, eller dropar av krystall. Korund, kvarts og syenitt, agat, ametyst og malakitt, gøymde er dei alle. Berre gråstein, seier dei mange og trør agelaust i urdene. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 55

Soningskjelda

av Aslaug Høydal Her oppe mellom urd og fonn der freden rår, her finn eg trøyst og lækjedom for mine sår. Det er dei sår som livet gav som leitar på, for livet driv eit hardhendt spel med nokon få. Men vidda ligg der nett som før forutan svik. Så fattig kjem eg hit kvar gong og drikk med rik. Ei soningskjelde fjellet vart for brot og sut, det "vener" tok gjev fjellet att og slettar ut. Eg jublar mot den høge luft så lett og fri, og famnar heile rømdi inn som ho var mi. Ha takk min Gud for alt eg fekk i vederlag - eit ope sinn, så sunn ein kropp, så klår ein dag. Ei issoleia tek eg med frå Dugurdshø, i heimejord ho skal slå rot og gå i frø. Som oss kan blomen plantast om frå skar til skar, men aldri kan me anna bli enn det me var. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 40

På Halvorshø

av Aslaug Høydal No skjønar eg Gud kvifor du vart så hard og grusom. Du måtte bli slik av å skapa all steinen på Halvorshø. Djupe groper i alt det gråe, ber merke etter hender som har skapt. Eg bøyer hovudet, frys under dei harde hendene. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 20

Ved Djupetjønn

Aslaug Høydal Djupetjønn hadde dei sagt nedi bygdi. No sat eg her og stirde mot blanke botnen. Grøn stein, svarte skuggar. Soli var det som synte skuggane, dei grøne steinane høyrde til. Rundt dirra lufti mett av solskin. Den siste dirr før haustnettene. Djupetjønnane - no ligg dei med blank is botnfrosne. Eg stend att med voni om ein ny vår, ein ny dirr i lufti ved Djupetjønn. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 19

Issoleia

av Aslaug Høydal Eg sit her under Halvorshø og kjenner gufs frå is og snø. Men mellom alt det harde grå skjelv issoleia kvit og mjå. I kamp mot kulde, vind og storm får livet tidt ei vesal form –  ei einsleg sjel, ein blom på fjell, eit barn i krig mot bombeeld. Det er dei våpen livet gav å rømma bort og bøya av, det veike liv vert meire várt og det som sterkt er meire hardt. Kjelde: Alt som ventar , Ansgar Forlag, 1973, s. 40

Frosen sommar

av Aslaug Høydal Haust med isdolpar i graset, kvite toppar. Slik skal det vera på denne tid. På veg mot Dugurdshø i dag, minnest sommaren som er forbi: Solskinssundagar med varme molter i haldine. Brått vert det stans. Ei gul molte stend att, dubbar av tung sommar. Eg tek henne varleg i handi åt munnen med same. Hard som ein isklump er molta, men søtare enn sukkerkrystall. Oppspard solvarme, saft frå kjeldene i fjellet. Heile sommaren er samla i den siste molta under Dugurdshø. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 23