Ein gong såg eg fjelli harme
av Stephen Crane Ein gong såg eg fjelli harme og skipa i slagline. Imot dei stod ein liten mann, ja, han var ikkje større enn fingeren min. Eg lo og sa til ein attved meg: "Vil han greida seg?" "Sikkert," svara han, "fedrane hans slo dei mange gonger." Då forstod eg kva fedrane har å segja, i minsto for den vesle mannen som stod imot fjelli. Kjelde: Dikt i umsetjing, Noregs boklag, 1982, s. 35