Innlegg

Viser innlegg med etiketten Høgbrenna‚ Audun

Seterminne

av Audun Høgbrenna Den gamle setervegen med kjerre, kar og hest, har vorte til min eigen, og faste heidersgjest. Det demrar eit bilete frå setervang og fjell. Det lyer som eit ekko frå ei anna tid i kveld. Det lever mange minne frå denne svunne ti'. Og sep'rator og kinne, og raut i seterli. Den vakre seterjenta som stelte kalv og ku, ho heldt det pent og reingjort i fjos og seterbu. Den dunkle bjølleklangen og sus frå bekk og å, la tone i den sangen ho gjekk og nynna på. Hesteskoen song mot steinom når ein såmmår var forbi. Og fugger'n oppi greinom song på same melodi. Den gode setertida, kjem som fjerne draumar att. Ho er ofte innom døra ein gong el' to ei natt. Eg minnest buferdslasset, den hausten det var slutt: Eit spann, ei ostekasse, ei kinne og ein butt. Kjelde: Tidsbilete, Snøhetta forlag, 2009, s. 7

Blodraudt rav

av Audun Høgbrenna Vårt solauga kveldar i blodraudt rav. Og morelden spelar i kvelds-audt hav. Vindstille tussmyrke kveldar i nord kvelver seg tunge mot storhav og fjord. Stormkast og kuling ein seinsommarkveld, kurande stillheit i sjøfugelfjell. Barskog og lauvskog frå fjellbryn til strand, fjordar som tøyer seg innover land. Høgfjell og vidde og nordlys og snø, flatbygd og fjellbygd med oppdyrka bø. Dette er Noreg med høgfjell og hav. Og kveldssol som badar i blodraudt rav. Kjelde: Innafor glaset, eige forlag, 1993, s. 80

Minner i ei bjørkeli

av Audun Høgbrenna Eg veit ei gåmål bjørkeli der steingjerp-steggen syng på nabbom attmed gråe elvefaret. Der brune røsslynghøer står æresvakt omkring når sola lyser raudt frå vest i skaret. Der ligg ein attgløymt setervoll med klungerbjørk og sva, og Fellingåe sullar attmed sida. Der ein gong ei seterjente i eftasstundom glad song kulokk-klåre tonar uti lia. Her lydde plystretonar ifrå seterstigom ut når laurdagseftan drøymde mellom høom. Og skorsteinslogen tøygde seg og log mot Liv og Knut, og skuggan dansa flyktande mot røom. ----- Slik stig det fram att minner frå ei gåmål seterli når tanken går på leiting atti tida. Og bjørkelauvet raslar blidt og elva renn forbi, og eftas-vinden susar gjennom lia. Kjelde: Bak hågåhekken, Kiellands forlag, 1987, s. 34

Gjætarminne

av Audun Høgbrenna Langt nord i fjellom på ein attgløymt voll der bjørka har dvergkrøkte legger, ligg der ei hytte så naken og fri og gøyme på minne frå eldgåmål tid med torvtak og vêrbarka vegger. Hit kom han Tore kvar einaste vår dei somran' han gjekk her og gjætte. Kvar morgo stappa han krokpipa si og rusla mot høom på nedsliten stig med niste og saugjætarskreppe. Innafor bua, oppunder ein haug, på eit vakkert og vindstille stelle krøkte seg stigen hass Tore forbi. Her fann han ein saltklank frå lêrskreppa si og la på ei blanksliten helle. Ein efta da fuglane kvitra og song så longt borti kjørrom kring høa gjekk han ved åa så lettføtt og glad, spratt over bekker og vassvåte sva med skrokka og bambusrøyr-trøa. Han sat attmed skorstein ein bister kveld i ly attom vindkast og væte og steikte seg fjellfisk på heite glø' Og heimsmør og aure og tvisteikt brød var helsugt for den som skull' gjæte. Når peislogen vermde i hytta kvar kveld frå grov...

Røsslyng

av Audun Høgbrenna Når røsslyngen blomstrar i seinsommarli, og står der i hellinga rødmande blid når sommaren sjøl er på hell, da breier den teppet sitt utover land, innover vidda og ned imot strand, og kransar dei blånande fjell. Den blømer i nord og i vest og i øst, er alltid til glede og ofte til trøst, der den bøyer seg doggvåt i vind. Når røsslyngen pyntar til seinsommarfest, da er den for nordmenn og menneske flest, ein kjærkommen gjest ved vår grind. Den rødmer mot vinter i skråning og li, og helsar oktober som hastar forbi, med sin prektige farge og sjarm. Langs haustkalde stigar den blømer og blør når Sjo'hetta sveiper sitt iskalde slør tett om sin fyldige barm. Kjelde: Bak hågåhekken, Kjellands forlag, 1987, s. 24

Ved ein kvileplass

av Audun Høgbrenna Eg kom der ein efta  på heimtur frå fjelle' og stana og såg meg omkring. Og gøymt millom stein, på eit vindstille stelle, låg det att kol i ein haug bak ei helle og kviskra om gagne ting. Ein gong kom der ein kar der og sette ned sekken, han nådde vel kanskje eit mål. Han tok med seg kjel'n sin, og gjekk burti bekken. Og her på de turre og vindstille flekken, her fann han livd åt eit bål. Han lunka på kaffen, la innpå og brende, og fyra med måså og kvist. Eg sette meg ned der og syntes eg kjende at teven tå kaffe'n hass låg att i lende' frå da han var innom her sist. Det kolet som låg att, vil framtida gøyme, for tida brer over med måså og lyng. Men slikt som ein fjellvandrar aldri vil gløyme, det leitar han fram att når tankan' får strøyme attende dit fjellbekken syng. Kjelde: Perler i minnet, Snøhetta forlag, 2002, s. 10

Kveld

av Audun Høgbrenna Når sola raudnar og fell i havet bak blåe fjell, da stilnar livet, da tagnar sangen frå fuglestruper i stum forening, og ventar kveld. Når sola gyller dei høgste fjella i fløyelsglans, da mildnar suset frå vind og vigge. Da dansar skuggar kring blåe tindar sin heksedans. Når sola sender si siste stråle mot tind og koll, da raknar dagen, da endrar bekken sin milde tone frå dur til moll. Kjelde: Perler i minnet, Snøhetta forlag, 2002

Ved varden

av Audun Høgbrenna Opp over himmelranda, oppe på Henninghø, står det ein gråsteinsvarde høgt over dal og sjø. Varden vart ein gong mura av stein frå hø og ur. Steinar frå gråsteinsura vart minne om dag og tur. Sia har varden vore eit merkje frå svunne år. Og blir nok eit landemerkje, så lengje som varden står. Hit gjekk sundagsturen, når sola i høom skein. Her tende folk kaffevarme, og kvilde dei trøtte bein. Her sat det folk attved varden, når andre rusla forbi. Summe med kikkert i handa, andre tok fotografi. Men nå kan vel ingen hugse kven denne muraren var. Mange vil sikkert undrast, men ingen kan gje deg svar. Kjelde: Perler i minnet, Snøhetta, 2002, s. 11