Den minne-bundne
av Tore Ørjasæter So minneslørd skin milde sjø, i skogen under tind. Det vaknar undan soli ein sus av kveldsval vind. Det susar ifrå solarfall og syng i kvar den tind. No vaknar vâre minne og leik i hugen linn. Og soli sokk bak svale ås og sovna ned i blund. Og månen skin på milde sjø det syng i kvar den tind. Og månen skin på milde sjø det syng i kvar den tind. Det kviskrar gjenom haustarlauv at eg er evig din. Det dæmar etter dalarleid, der gjekk du eingong med. Det andar gjenom hugen ein vemods-metta fred. Vi skildest ved den milde sjø ein kveld han glitra slik. Då stansa du og studde deg mot steinen utved vik. So skildest vi. Eg snudde meg og vildra djupt i skog. Men du stod att og studde deg. Du bar på all min hug. No veit eg kva vi bar med oss på kvar vår lagnads veg. No kviskrar det frå kyrre sjø at det var du og eg. * Det løyns...