Innlegg

Viser innlegg med etiketten Vang‚ Rolf

Som noko av æve

av Rolf Vang Langt inni aude marker, der folk sjeldan trør, ligg Søljukollen under Markaberget. Søljuskogen gror kring vridde stubbar. Skyt renningar mot livet. Her henta plassfolket nautberging når vårsvelta pinte - og marka låg kvit av snødrev i mai. Var så merkelg vårkjømt, her. - Sølju blømde så tidleg under Markaberget. Rart å gå her. Snauhogde står dei underlege kallane midt i grønt liv. Ein sansar det underlege livet, - som noko av æve. Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 32

I vide fjell

av Rolf Vang Ei viermyr - eit jordvass-sèg. Eit landskap stort og audt og vilt, ein einsemd-sus av fjell. Eit vatn grélar grønt og grått der vind og sol legg siste strik av skymingsblått mot kveld. Ein fjelltit fløytar stilt. I regnvåt jord - eit menneske har gått og sett sitt spor. Langt vest i vika skrik ein lom. Eg trør varsamt gjennom endelause rom. Eit landskap ligg her, stort og vidt. Ein vandrar går her - kjenner det som sitt, og ber ei kjensle av at stein og kjerr og vidde - takkar meg fordi eg kom. Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 16

Natt ved Kristen-stein

av Rolf Vang Seinsommar-natt. Brådjupt, svart vatn ved Kristen-stein. Har stått her og slengt marktugga - sett det mjuke mørket koma umerkande som eit blått slør over Bu-landet. Knirk frå ein båt i sig under landskuggen. Plask frå elg som beitar i storrgraset ved Oddvoll. Underleg - er liksom ikkje åleine her lenger. Steinen mørknar mot gråskodda over vatnet. Kven var du, Kristen som namngav steinen i vasskanten på Mugmo`n? Sagnet seier du bleiv her - kanskje ei mørk natt som denne? Ein veik nattvind lagar små skvulp under landtorva - slik fjellnatta har kviskra i tusen år --- Båten som rodde har lagt inn. Ei ljosglo tendest - einsam i eit fjernt buglas. Vil ikkje vedgå det - er ikkje redsle, berre ei underleg, naken nattkjensle, som ei spent sitring av vakne strenger, djupt i meg sjølv. Berre eg - eit menneske, i ljosringen frå bålglørne ein nattetime ved Kristen-stein. Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 14

Stølsmorgon

av Rolf Vang Det blenkjer som doggdråpar i minnet, stølsmorgnane - når ein vakna i kjøleg drag frå budøra - låg venta første solglimet innover sels-golvet. Skinnfellen som kitla i andletet - fôrdyna der fjellgraset mjukna under ein og anga av sommar Bjølleklunk og geitebrek frå fjøskvea. Skarpe kling når bestemor vaska mjølkekoppane under vasstroa. Kor djupt og inderleg godt dei sit i ein desse morgnane på stølen. Fintoppstigen over vollen ned mot vatnet der ein liten brun båt venta. Sjølve eventyret når du vart betrudd årene og drog båten over hølsvart vatn der noko av natta hekk att. Så trygt med bestefar i bakstamnen med morgonpipa i neven. Garnstøet ved Siljeosen der gylne glimt i djupet lova fangst Det er borte nå - alt. Buglasa glimar mot lyset. Men ingen røyk stig frå pipa og syner at stølsgrenda lever. Vi vart siste generasjonen, vi som fekk oppleva ein stølsmorgon i fjellet. Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 12