av Ragnhild Kolden Eg veit ein stad inni ville fjellet der alt er forvitra til berg og stille og bekblått vatn Dit kom eg ein gong ein tidlaus regndag Midt i det myrke urtidsandletet alle steinskapte landskap ber stod eg og kjende kroppen krympe til inkjes mot det å vera den eldste av steinane der. Vart som eit vinddrag gjennom glupen - lett over lendet og så: forbi medan steinen og vatnet og stilla låg der dei ligg til evig tid. Der inne har lendet sett seklar gå i uforanderleg øyde og storslegen togn og visste det ikkje. Og eg, som veit, skal vera eit vinddrag og sidan døy. Kjelde: Ho inni meg, Dølaringen, 2001, s. 59