Innlegg

Viser innlegg med etiketten Sletten‚ Anne

Oktobervandring

av Anne Sletten Sjå frosne myrar og nakne lier og bekken sullar om stille tider -ein vinter lang. Frå kjørr og tuve har tagna tonen dei glade småfuglars ljose sang. Rimfrost på strå, doggtårer små. Vik vemod! Lyft ditt auga til ein oktoberhimmel, tindrande blå. Skardheim er nådd, komen halvvegs. Lett vi trødde dei tunge bakkar. Greie råk fortel om mange som før oss trakka. Sitja i solveggen, drøyme seg langt attende: Tunge steg, sterke kroppar i grått vadmål med bør i sekken og ro i sinnet, hund som fillar trutt i fara. Ein liten geitflokk ned til kvelds, bukken frir til den vesle, blakke, stanar og undrast med øyra på skakke. Ser han meg, tru? Men bukken ristar dei store horna, og alle skundar forbi og heim, til mjølking og godprat og salt på stein. Mot seine kveld, ei einsleg kvinne lokkar og lyer, må flokken sin finne. Dei kom da så sikkert når sol sto på hell, skal tru noko kunne ha hendt med dei lell? Men så svarar gromkua, bjølla klunkar! Borte er angs...