Innlegg

Viser innlegg med etiketten Røykjeskålen

Sørmed hølom

av Tore Ørjasæter Aa det skin mot Sot-fly flaae klaart mot himil-kvelving blaae burt i bratte Brennstøls-fjell. Gjenom linne lufti Lidar- vatne skimtar eg, det vidar seg so vænt i stille kveld. Her ja; sørmed desse hølom midt imillom baae stølom Røykjeskôlen still i skygd ligg med løyndomsfulle lider, her eingong i gamle tider var ei sæterhytte bygd. Daa dei kom til støls um vaaren, inni selet, attmed aaren, laag eit mannslik hovudlaust. Folki fælne heimatt vende, sæterhuse ned dei brende, bygde sæter lenger aust. Sidan er det som det skulde vore noko av det dulde, løynde her ved denne stad. Desse djupe bjørkelundar ned mot vatne!  Stillt det blundar utan blek av minste blad. Noko er det som ligg under, som eit mord ved midnatt-stunder tyngjande med sonings-skuld. Minne vaker og det gøymer udaads-otten.  Stødt han drøymer, under lidi løynd og duld. Kjelde:  I dalom , Olaf Norlis Forlag, 1910, s. 80