Innlegg

Viser innlegg med etiketten Sivle‚ Per

Lur-leik

av Per Sivle Og oppe i fjellom der budde eit troll, og det var eit troll heitte Hein. han hadde ei stova der inni ein koll, og stova ho var no tå stein.    Og Troll    i koll    og Hein    i stein, han sat der og lydde i kollen når jenta bles lur nedpå vollen. Og jutulen opna si stein-dør på glytt og sette si stein-hand for truten: "Å vene mi jenta, å skund deg og flytt! kom opp og ver kona i nuten.    hjå Troll    i koll,    hjå Hein    i stein! Eg breier deg gulltjeld på tilja, om du meg vil vera til vilja!" "Nei, du er so gamal og gråkald og tung og kan inkje kyssa for trynet. Og eg er so spretten og raudleitt og ung og frisk som ein vårdag i synet.    Du Troll    i koll,    du hein    i stein - å lium og lu-um og lilja! eg vil deg kje vera til vilja!" Kjelde: Per Sivles beste, samlaget, 1992, s. 42

Varde

av Per Sivle Det høyrdest ved nott    eit dunder på dør. Og husbonden vaknar,    spring fram og spør: "Kva er det som belar?"    "Jau, no må de ut! For varden lyser    på Høgenut!" Og kvar mann visste    i same ande at no var det kome    ufred til landet. Og mennene herklede    på seg tok, og skjold og øks    dei lyfte frå krok, dei hekta i beltet    sitt gode sverd, treiv spjut og boge    og skunda til ferd. For kom der dei    vilde Noreg herja, so fanst det og dei    som vilde det verja. Og alt som varde    frå varde vart tend, dei sanka seg saman    frå grend til grend. Og fylkingen bygdest,    og veg han fann, der føre gjekk høvding og merkesmann. Og ufreds-karen    fekk jamnan smaka kva det hev på seg    at vardar vaka. Og gjev det aldri    må verta sagt at landet ligg    utan varde-vakt. Og logar kj varden    på tind og nut, han logar i hjarta    hjå Noregs gut. Ja, brenn, du varde,    du signade, klåre, bjarta