Innlegg

Viser innlegg med etiketten Nivelkinn

Det skein ei sol -

av Aslaug Vaa Det skein ei sol ivi Nivelkinn - - dei skein ei sol ivi svadir og hei, ivi myrullflottir der bjørkane små sprikte på tuvun og hjasan smatt attom buskar og stein, - der drøymde eg inn i livans og daudt, i æ'an som rann, i fuglan som fauk, i ljosflekkan langt atti skarv og fjell, - den smilen du smilde ein gong. I kjosir og løkjir, i skuggen av vi'er i nutan som skifte frå svart til blått - såg eg augaet ditt. Det skin ei sol ivi Nivelkinn - og sende sitt liv gjenom draumen min - gjenom diktet mitt. Og det diktet var du, du var skapt av meg, eg ha lengta deg fram til eit liv for seg. Den soli gladde - og Nivelkinn låg i dikt og draum, gleid i skuggen burt. Skiggen var kald, isande kald og dreiv meg på veg ifrå Nivelkinn. - Den vegen var hard, steinende hard. Men soline sviv og jordi driv, det utenkte hender, det daude tek liv. Og ein dag vart du liv. Du stod der på vegen og smilde den smil den eg ha lagt inn i det ski...