Innlegg

Viser innlegg med etiketten Flora

Fjellbekken

av Jakob Sande Villbratte høgfjell blånar,    i stråledis, tind ved tind, breane brest og brånar    for vårsol og maivind. Det susar i stengde dalar,    der trolltjønna, myrk og vill, mot audslege svadberg skvalar,    i vårnatta, stor og still. Ørna i stormjag sprengjer    tilvers gjennom solblått gry, sigler på breide vengjer    i vårdagen, sval og ny. Ho ser kvart eit liv i lavet,    og skimtar dei løynde bol, men langt uti vest ligg havet,    og blånar i morgonsol. Hangande, bratte urer,    med vegville gangar i. Fjellreven blodtyrst lurer,    i bortgøymde, varme hi. Haustull og morkna klauer    og eirgrøne, gamle bein ligg att etter drepne sauer, som slagg kring ein offerstein. Fuglar i kvite flokkar    kjem susande, veng ved veng. Steggen på rypa lokkar,    der sylvgrå i snø ho gjeng. Røyskatten mjå seg strekkjer  ...

Hardangervidda

(kirkelig versjon) av Harald Sverdrup Heiloen helliger vidda og fløyter sitt "Kom!" Langs stiene lyser de blå gentiana oss inn mot de lynggrønne flyer og drømmegrå fjell og gir vink om at vi også slekter på alt dette fjerne. Jomfru Marias grønne små nøkler har åpnet usynlige dører for dem som har blikk for en boltit med unger i lyngen og skyenes mektige følge. En sommervind blar gjennom sølvvier, ullvier liksom i salmenes bok, og hvert fjellvann er døpefont god nok for barn og saktmodige voksne som tror på de blanke mysterier og ser at en vakende ørret er glorie nok. En sommers vårherre er solen, som deler ut latter til innsjø på innsjø. Selv vandreren smiler når fjellvåken sirkler inn Gud. Med tåkegrå vingespiss rører en helligånd reinblom og rødsildre, myrklegg og mjelt, og ryster sitt røkelseskar rundt urolige villrein med krattskog av horn opp mot himlen, og rolige kuer og sauer på Guds grønne enger. Over distanser av stillhet flyr bjellenes bl...

Til dvergbjørka

av Trygve Bjørgo Deg Bétula nana ærar eg. Ikkje for utsjånaden din. Du ris ikkje bratt og byrg over berglendet. Skodar deg ikkje furustolt ikring og gleiner ned på hine. Å nei! Du held deg nedåt bakken du. Men du var den fyrste her etter isbreen byrja å bråne. Den fyrste busken som stod i råkalde motgufsen frå den hòpande breen. Kjelde: Kvit hest under hegg , Gyldendal Norsk Forlag, 1972, s. 16 hòpa : dra seg attende

Einerkrøkla

av Trygve Bjørgo Eldergrå på knokane. Trassig-grøne kvister. Sjølvgrodd og hardbalen kuvar ho seg krøkla sterkt ikring ein steinkult på barden av ei rasurd. Har leita fram og funne seg ein verestad så vågal. Ligg ho der og hykjer seg når spretne bergablokker reiser seg mot stillstand og bykser ut or gråtinden. Bryner seg i kåtskap på sprang nedover urda. Roast mellom standsbrør. Gror så til med mose etter kvart. Vinden riv i einerkrøkla. Frosten bit i baret. Turken tærer krafta i tråe sumardagar. Men krøkla held seg grøn gjennom alle årsens tider. Byd deg krossmerkt bær når grøda hennar mognast. Er heilt seg sjølv einast her. Kjelde: Kvit hest under hegg, Gyldendal norsk forlag, 1972, s. 15

Fjeldplanten

av Johan Sebastian Welhaven                I. Blandt Jettestene, hvor Ørknens Aand var leiret, skjød stolt og ene en kraftig Væxt i Veiret. Fra Fjeldets Flade steg frem ved Bræens Side, paa brede Blade, dens Blomsterpyramide. Den ligned ingen af Planterne i Dalen, som Zephyrvingen har tidlig vakt av Dvalen. Den havde arvet sin Kraft af Fjeldnaturen, den syntes farvet med Kobbermalm fra Uren. En Kveld, paa Fjeldet, den hilsed mig ved Stien, mens Fossevældet hendrøned huult fra Lien. Den første Stjerne stod over Bræens Bue, et vidstrakt Fjerne laae for min Hviletue.                II. I Dalens Have jeg glemmer Blomst og Ranke, men Ørknens Gave staaer stadigt for min Tanke. Den er et Billed paa Seiren, der er vunden, naar Kval er stillet, men ogsaa Fryd er svunden. Der kan opstige, ved Nat, ved Stjerneskinne...

Røsslyng

av Einar Asbjørn Olsen Som helsing frå såmår og sol du klær deg i reinaste blått du minnest da gauken gol - enda ein høgsåmår gått. Så stille upp du gror um hausten du tittar fram rundt vier og einkjørr du snor rett ofte på bakkekam. Som barneaugo du tindrar i li og i bakkehell og ingen som røsslyngen tindrar når avskil du tek med ditt fjell. Du er likaste blomen min du så enkel du står i mi lei du byggjer med bløming ei bru til henne - den einaste ei! Kjelde: Dikt og prologer fra Sel, 1985, s. 102

Mitt tre

av Rolf Jacobsen Eneren, lyngens mor er mitt tre. Den trenger ingen sommer, bare regn og sne. Fillet krone den løfter, ingen har hørt dens sus. Den har en lang, seig rot som kan gro av grus. Den bærer vind over skuldrene, skyene i sitt hår. Den kan stå i stormen. Knelende. Men den står. Kanskje den har en drøm i sindet: Det hvite                                                          ranunkel-bed der verden slutter og breene kommer ned. Av alle trær på jorden nærmest den store sne, breenes blinde sol. Å, var jeg som det. Kjelde: Samlede dikt, Gyldendal, 1999, s.110

Mjuk som myrull

av Vegard Vigerust Så mjuk som myrull er kjærlegheite, den som eg kjenne' for deg! Men du veit at myrull – Å, mjuke myrull, den blomsten er nogo for seg. Ho veks i avsides lende og gøyme' seg burt så sær. Og lell så skull' det da hende du kom og fekk sjå meg der! Nå er oss i hop for livet, bratt kan det vera å gå, men så mjuk som myrull er kjærlegheite, og mest når det røyne' litt på. Så kom da, du vænn eg fekk meg så går oss og finn ein tind, og kyss meg og elsk meg og vekk meg med myrull som stryk mot kinn. Kjelde: Evig unge Dovre. Dikt, prosaskildring, lokalhistorie, Dovre-ord , Dølaringen Boklag, 1993, s. 42

Portrett av et fjell

av Harald Sverdrup Knutshø i hemmelighetsfull treenighet, bratt mot Drivdalen, i sør slynger seg myke stier og dyretråkk som minner oss muntert om barndommens første møte med det grønne. Et nyklekket rypekull triller inn i vieren, skittengule unger blomstrer om kapp med runde rakler. Pass opp! En mekrende rypelatter rykker i mellomgulvet. Over bratthenget står en fugl i brann. Tårnfalk stuper som ut av en flammekaster mot en tordivel som satt i dens kikkertsyn. I kronglebjerkskogen skytler dverfalkens skrik, et lyn suser forbi, et glimt av fullkommenhet risper over netthinnen. I sandbakken nikker malurtens matte soler til vår blåøyde dumhet og orkidéenes giftiggrønne insektblomster gir oss et bilde av vår egen vellystige ondskap. Blindurtens lyse øye-eple, med brunfiolette årer, ser oss ikke, intet i naturens grønnhet har syn for oss. Halvveis oppe blomstrer kulden i berget, isranunklenes hvite og rosa gobelin gjennomflerret av småstein, en forrykt livsvilje...

Røtter i disse fjell

av Harald Sverdrup Stille - To strå rører seg under varden. Sola seiler ned i vest. Tåke i kjølvannet. Skyene i vest er fjorder, fjorder røde av alger, røde av lengt - Du gror i disse fjell. Dine røtter knuger stein, sprenger seg fram til jord. Du hører reinen rase forbi. Du hører myrulla hviske. To mørke strå mot himlen. Stille - Kjelde: Evig byggende Babel, Gyldendal, 1949, s. 25

Bergfrue, fjelldronning

av Harald Sverdrup I fugletomme svartfjell lever bergfruer et farlig kjærlighetsliv forløst i et hvitt brus fra et gammelt sagn, en hån mot tyngdekraft og svimle tanker. Ikke bergtatt som fortidens jomfruer, ikke forvandlet til stein, men freidig kneisende mot lyset med bondekonerosetter som spruter av grønt hovmot og en høy stengel med søljehvite blomster. På avstand ser vi hundre stjerneklynger over fjellveggens svarte himmel. Ikke ydmykt i skjul for vær og vind, men isvann og skyggeblank stein forvandlet til høye, julihvite gleder i Bøverdalen. Kjelde: Grønn kalender, Aschehoug, 1974, s. 20

Blomen du gav meg

av Martinus Høgaasen Vesle venøygde blomen, fødd under Høgfjellsdomen, anga i sumarvinden eingong ved høge tinden, lyste i ljose næter ljuv i den blaa æter, bøygde seg bljugt og vogga, av morgonen kyst og dogga. Vesle venøygde blomen fraa storlagde himmeldomen lokka den ljose gjenta: kom ho for deg aa henta. I hennar hand du lyste, draumane dyre hyste ljose som du i sinnet, leika med sol i minnet. Blomen den veike, vare, tek ho med tankar rare. Raudnande rundt ho snur seg, trygg ho - og usedd trur seg. Blomen ho kjærleg hyste, gøymde han vel ved brystet; tralla so glad mot dagen i solrike sumarshagen. Gjenta med mjuke tankar blomane mange sankar. Men du vart hjarteblomen, funnen ved Høgfjellsdomen. Og berre ein skal ha han, og berre ein ho ga' han. Hjarteblomen kom hit, han, fager og fin paa lit, han. Blomen den blide blenkjer: Kjærleg ho paa deg tenkjer! Og eg skal aldri gløyme. Blomen, han skal eg gøyme. Vesle vene blomen, funnen ved Høgfjellsdomen,  ...

Bergblommen

av Martinus Høgaasen Bleik reiste blommen sitt hovud mot dagen, - ikkje i enge, ikkje i hagen, ikkje i frø-jord og sol-drev varmt. Snøen laag kringum med nattblinde draumar, iselv gjekk under med skrapande straumar, jorda var sparleg, og sol-ljoset armt. Smatt det ei straale i halvmørke skorte, synte seg smilande, skein - og vart borte, - ja, so var fattige bergblommen rik. Kom ho so att med si sæle og strauk'n, daa var han lukkeprins, daa var han lauken, elskande trufast og still - utan svik - - - Sturande bergblomme bleiknar og tenkjer sjuk paa si straale: Kan hende ho blenkjer kjærleg for andre og kjæler med lyst. Staar han i skorta si bergfast og biar: Kjære, velsigna, aa kjem du kj tidar, du som har fattige bergblomme kyst? Snøskavlen aukar, og skriderap durar likhaast mot botnen, der is-elva skurar dødstrøytt i dagar og kaldslege aar. Blommen i berget heng skjelvande blaa han, frysande ser han kor dauden vil slaa han, - taarene tiplar som blodet or...

Reinblom

av Theodor Caspari Reinblom, fjellets yngste datter, smyger seg til gubben inn, drysser over ham din latter, kysser ømt hans harde kinn! Grus og stein for kveens svær, venneløs i vind og vær. - Reinblom, reinblom over dale, fattigbarn i fyrstesale, kongedatter, lys og skjær! - Reinblom, du den gamles glede, leker ved hans kongestol, ser på veden dypt der nede, strekker deg og slikker sol. - Alltid nøysom, aldri nei, alltid glad og lett i vei. - Reinblom, reinblom, reinblom lille. Om jeg kunde, som jeg vilde, - likne deg, ja likne deg! - Kjelde: Dikte i utvalg, Ernst G. Mortensens, 1945, s. 106

Nei, sjå kor det blånar

av Arne Garborg Nei, sjå kor det blånar her! No må me roa oss, kyra! Å nei, slike fine bær, og dei som det berre kryr a'! Nei, maken eg hev kje sett! Somt godt her er då til fjells. No vil eg eta meg mett; her vil me vera til kvelds! Å nam-nam, så søtt og godt! Ja, når det slik seg lagar. Og allestad bllått i blått! Her hev eg for mange dagar. Slik smak så frisk og fin! Eg er som på kongens slott. D'er plent som den beste vin, å nam-nam, så søtt og godt!

Eit stort tre

av Jan-Magnus Bruheim Langt nordmed Liavatnet står det så stort eit tre. Ikkje ein mann i verda kan makte å hogge det ned. Om sju hundrad småborn gjekk i ein ring, dei greidde så vidt å nå i kring. Når brisen rører ved baret blir det ein mektig sus. Konglene raslar og ringlar, store som hundehus. På botnen av barnål-klufta fuglane byggjer og bur. Med ungane blir tretti tusen - eller det talet du trur. Eg stod der forundra og lydde - det var visst i fjor ein gong - og høyrde at alle fuglane kvitra, det var som om treet song! Greinene sopar himlen når det er nordanvind så skyene jagar som skræmde troll mot Jotunheimane inn. Det står der og fingrar med stjernor når himlen er nattdjup og klår, og fangar stjernskot i lause lufta og festar dei i sitt hår. Og det er det store treet - så veldigt og tungt eit tre at skuggen som eingong fall ned knuste ein titonns lastebil til ti tusen leiketybilar og femti lass pinneved. Kjelde: Hornsmeden og andre ba...

Mjuk er myrulli – – –

av Jan-Magnus Bruheim Glad er fljugande ferdafuglen på heime-veg. Enda gladar er tanken min som finn til deg. Varm er stråla som soli sprænar mot aur og urd. Varmar enda er augnekaste frå unge brur. Mild er vindtonen der han tiskar i lauv og lyng. Enda mildar er voggesullen som mori syng. Mjuk er myrulli nordi morkom – ho står så stur, som stille, gråtande hjartesorgi til sviki brur. –  – – Mjuk er myrulli nordpå myrom, ho dubbar bljug –. Mjukar enn alt er kjærleikslengten i mannahug. Kjelde: Stengd dør , H. Aschehoug & Co., 1941, s. 13

Blomen

av Olav Øygard Den unge blom i dalen sprang innunder svarte fjell, der soli lyste dagen lang og våren kom ut med fuglesang og eventyr um kveld. Og blomen veks sitt rike liv i milde solskinnsdrag og voggar lett med' draumar sviv, og vårvind gjennom kruna driv i unge ljose dag.- Men dalen låg der høgt mot nord, frå fjellet snøen skein. Og fyrr ein visste av eit ord ei uversrid i dalen for og skok i nakne grein. Og blomen ligg der brotna no, hans unge draumeliv det var for veikt, og frost og snjo enn døyver det som fram vil gro og legg all jordi stiv. Da våren so for ålvor kom med rette glans og glod, og vollen låg med blom i blom, då var det tomt det vesle rom der blomen ein gong stod. Det tungsamt er; men tidt me ser at livet soleis døyr. Det ovrar seg, mot soli lær; men so ei frostnatt ned det slær som brotne strå og røyr. ovrar seg: koma fram, syne seg Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 33

Gråmosen

av Aslaug Høydal Gråmosen kler bergi og steinane. Hans oppgåve dette å sjå alt i grått. No er det ingen som ser den raude jaspisen under, eller dropar av krystall. Korund, kvarts og syenitt, agat, ametyst og malakitt, gøymde er dei alle. Berre gråstein, seier dei mange og trør agelaust i urdene. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 55

Soningskjelda

av Aslaug Høydal Her oppe mellom urd og fonn der freden rår, her finn eg trøyst og lækjedom for mine sår. Det er dei sår som livet gav som leitar på, for livet driv eit hardhendt spel med nokon få. Men vidda ligg der nett som før forutan svik. Så fattig kjem eg hit kvar gong og drikk med rik. Ei soningskjelde fjellet vart for brot og sut, det "vener" tok gjev fjellet att og slettar ut. Eg jublar mot den høge luft så lett og fri, og famnar heile rømdi inn som ho var mi. Ha takk min Gud for alt eg fekk i vederlag - eit ope sinn, så sunn ein kropp, så klår ein dag. Ei issoleia tek eg med frå Dugurdshø, i heimejord ho skal slå rot og gå i frø. Som oss kan blomen plantast om frå skar til skar, men aldri kan me anna bli enn det me var. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 40