Innlegg

Viser innlegg med etiketten Liavatnet

Sørmed hølom

av Tore Ørjasæter Aa det skin mot Sot-fly flaae klaart mot himil-kvelving blaae burt i bratte Brennstøls-fjell. Gjenom linne lufti Lidar- vatne skimtar eg, det vidar seg so vænt i stille kveld. Her ja; sørmed desse hølom midt imillom baae stølom Røykjeskôlen still i skygd ligg med løyndomsfulle lider, her eingong i gamle tider var ei sæterhytte bygd. Daa dei kom til støls um vaaren, inni selet, attmed aaren, laag eit mannslik hovudlaust. Folki fælne heimatt vende, sæterhuse ned dei brende, bygde sæter lenger aust. Sidan er det som det skulde vore noko av det dulde, løynde her ved denne stad. Desse djupe bjørkelundar ned mot vatne!  Stillt det blundar utan blek av minste blad. Noko er det som ligg under, som eit mord ved midnatt-stunder tyngjande med sonings-skuld. Minne vaker og det gøymer udaads-otten.  Stødt han drøymer, under lidi løynd og duld. Kjelde:  I dalom , Olaf Norlis Forlag, 1910, s. 80

Eit stort tre

av Jan-Magnus Bruheim Langt nordmed Liavatnet står det så stort eit tre. Ikkje ein mann i verda kan makte å hogge det ned. Om sju hundrad småborn gjekk i ein ring, dei greidde så vidt å nå i kring. Når brisen rører ved baret blir det ein mektig sus. Konglene raslar og ringlar, store som hundehus. På botnen av barnål-klufta fuglane byggjer og bur. Med ungane blir tretti tusen - eller det talet du trur. Eg stod der forundra og lydde - det var visst i fjor ein gong - og høyrde at alle fuglane kvitra, det var som om treet song! Greinene sopar himlen når det er nordanvind så skyene jagar som skræmde troll mot Jotunheimane inn. Det står der og fingrar med stjernor når himlen er nattdjup og klår, og fangar stjernskot i lause lufta og festar dei i sitt hår. Og det er det store treet - så veldigt og tungt eit tre at skuggen som eingong fall ned knuste ein titonns lastebil til ti tusen leiketybilar og femti lass pinneved. Kjelde: Hornsmeden og andre ba...