Innlegg

Viser innlegg med etiketten Torgersrud‚ Ole Arnfinn

Det gol ein gauk

av Ole Arnfinn Torgersrud Det gol ein gauk i lia. Og døm som hørte på gjekk måråvakne ut på svarte årkrer. Ner synnagauken gjel, er tia kom te å så. Det gol ein gauk i lia. Og mang ein gut dro gla åt danserslettom borti bjørkelundom. Ner austagauken gjel, vil vakkergjenta svårå ja. Det gol ein gauk i lia. Og både folk og fe såg eng og åker vaks og låvå lykke. Ner vestagauken gjel, da blir det fruktbart år og fred. Det gol ein gauk i lia. Det vart så tomt og audt og stussleg borti gammelstugu-glasom. Ner nordagauken gjel, da spørs det daudt Kjelde: Det gol ein gauk, Dølaringen boklag, 2001, s. 9

Lengselsfjellan

av Ole Arnfinn Torgersrud Rondane vart fjellan mine fyste gongen eg fekk sjå døm. Alder såg eg fjell så fine. Og mitt ønskje vart å nå døm. Om døm låg så avlangt unda høgdom her på heimestellom, gjekk eg sia støtt og stunda mot ein vår i Rondefjellom. Frå hårt fjell i bygdom våre lokka støtt det såmmå synet. Rondane som kvite, klåre lengselsfjell mot himmelbrynet. Og ein vårblank påskemårå vart min lengsel meir enn drømmer. Eg fekk gli på glitreskårå mot ein dag eg aldri glømmer. Gli på flate fjell og flyer inn mot Rondom. Å, for under. Heilt te raude fjellsolskyer varsla kveld og kvilestunder. Mange år som følgde etter vart det såmmå turan ofte over kvite, stille sletter og i stigning opp mot Loftet. Rondeturan gav meg någå som eg alder meir vil miste. Skjerillhø i vårblå dågå vart det vakreste eg visste- Der var freden god å finne hår eg vandra kring og svinga. I frå Rondom livi minne som små lykkebån i bringa. Og når året snur mot vår att, lokk...

Sorg over sæterbudeia

av Ole Arnfinn Torgersrud Du skulle sett ho Solveig, sæterbudeia på Ro, i fjor da ho flaug oppå stylom og lokka hem kua te kvelds. Ho va så velsigna fjell-kåt og raulett og varm og god. Ho song så dvergmålet svårå i blåleitom langt te fjells. Det ligg så grasgrøn ei slette ein stan innved Vakkernut, og der va det leik og livat hår einaste laurdagskveld. Der svinga ho Solveig springdans så stakken stod ende ut te måråsola kom trill-rund og skein over alle fjell. Det va itte rart at gutan fekk hog te å freste fri. Døm kappflaug ette`n Solveig hår gong det let opp te dans. Men det va ein som fekk lov te å kalle ho gjenta si. Og det va ein blankøygd gardgut frå Liom som heitte Hans. Du skulle sett ho Solveig hos konsul Krohn inni by`n i haust da ho kom hem på feri med fjørhatt og høghæla skol Ho hadde blodraude lipper og sotsvarte augebryn, og ingen i Øverbygda kunn tru det skrømtet va ho. Nå va ho skore tå mønster frå Paris og Hollywood. Ho himla me...