Innlegg

Viser innlegg med etiketten Høgaasen‚ Martinus

Blomen du gav meg

av Martinus Høgaasen Vesle venøygde blomen, fødd under Høgfjellsdomen, anga i sumarvinden eingong ved høge tinden, lyste i ljose næter ljuv i den blaa æter, bøygde seg bljugt og vogga, av morgonen kyst og dogga. Vesle venøygde blomen fraa storlagde himmeldomen lokka den ljose gjenta: kom ho for deg aa henta. I hennar hand du lyste, draumane dyre hyste ljose som du i sinnet, leika med sol i minnet. Blomen den veike, vare, tek ho med tankar rare. Raudnande rundt ho snur seg, trygg ho - og usedd trur seg. Blomen ho kjærleg hyste, gøymde han vel ved brystet; tralla so glad mot dagen i solrike sumarshagen. Gjenta med mjuke tankar blomane mange sankar. Men du vart hjarteblomen, funnen ved Høgfjellsdomen. Og berre ein skal ha han, og berre ein ho ga' han. Hjarteblomen kom hit, han, fager og fin paa lit, han. Blomen den blide blenkjer: Kjærleg ho paa deg tenkjer! Og eg skal aldri gløyme. Blomen, han skal eg gøyme. Vesle vene blomen, funnen ved Høgfjellsdomen,  ...

Stilt

av Martinus Høgaasen Det er stilt her det lirla med jubel og lokk. Det staar ingen og kauar og kved paa min traakk, det er stilt, det er stilt inni fjellet. For ho som eg elskar, ho reiste sin veg til dalen med draumen om henne og meg - No stikar ho nede i hellet. Det er stilt millom greiner der leoken gjekk best. Det er stilt i mi stugu - ifjor var det fest. Det er stlit, det er stilt inni fjellet. Det er berre som kviskring av minne - og graat, og lauvet er gulna, og lunden er vaat, her uppe som nede i hellet. Kjelde: Vaarbekk vaknar; klunk paa ymse strenger, Norske forfatteres forlag, 1923, s. 25

Bergblommen

av Martinus Høgaasen Bleik reiste blommen sitt hovud mot dagen, - ikkje i enge, ikkje i hagen, ikkje i frø-jord og sol-drev varmt. Snøen laag kringum med nattblinde draumar, iselv gjekk under med skrapande straumar, jorda var sparleg, og sol-ljoset armt. Smatt det ei straale i halvmørke skorte, synte seg smilande, skein - og vart borte, - ja, so var fattige bergblommen rik. Kom ho so att med si sæle og strauk'n, daa var han lukkeprins, daa var han lauken, elskande trufast og still - utan svik - - - Sturande bergblomme bleiknar og tenkjer sjuk paa si straale: Kan hende ho blenkjer kjærleg for andre og kjæler med lyst. Staar han i skorta si bergfast og biar: Kjære, velsigna, aa kjem du kj tidar, du som har fattige bergblomme kyst? Snøskavlen aukar, og skriderap durar likhaast mot botnen, der is-elva skurar dødstrøytt i dagar og kaldslege aar. Blommen i berget heng skjelvande blaa han, frysande ser han kor dauden vil slaa han, - taarene tiplar som blodet or...

Haustnatt

av Martinus Høgaasen Det fell eit blaableikt skin um nakne haugar, og haustarnatta seint seg kastar inn. Det andar strøypt i angst ved le og grind der nattsvart skog i stjernekjøld seg laugar. Det gufsar kaldt med vindrys over bøar, det glitrar, glirer, brenn med blaaleg blenk. Ein nattkald maane strør sin straaleskjenk av sylverskin paa bleike tjørn og sjøar. Og natta fram seg ror paa tunge venger og kreitsar landet alt i frostbleik famn. Men over landet: blenk av stjernestraadd stamn som seint seg inn mot himlar sprengjer. Kjelde: Vaarbekk vaknar; klunk paa ymse strenger, Norske forfatteres forlag, 1923, s. 27

Vaarbekk

av Martinus Høgaasen Vaarbekk vaknar under snøen, skin mot sola fyrste gong. Fødd av sola, fødd av dagen freistar han sin fyrste song. Ligg og løyser smaatt og varleg, aukar, veks og legg seg i, utfor bakken, nedfor aasen - fyrste sommarmelodi. Vaarbekk vaknar. Kulden strider enno sterk med tunge slag. Natta isband legg i hugen, band som brest den næste dag. Livet, eventyret lokkar. Kva skal unge vaarbekk faa? Skal han døy med fyrste freistnad? Eller skal han havet naa? Skal han? Spursmaal, spanning sprengjer paa i vaarsolvekte barm. Voner stig paa straalevenger, trua tonar, vill og varm. Skal han bort i surmyr sjukna og sin dagsong gløyme av? Eller skal han naa det største: storelv, himmelsyn og hav? Kjelde: Vaarbekk vaknar; klunk paa ymse strenger, Norske forfatteres forlag, 1923, s. 5