Innlegg

Viser innlegg med etiketten Olsen‚ Einar Asbjørn

Furusjø

av Einar Asbjørn Olsen Kva er det som gjer at hugen til fjellet deg dreg med slik makt? Er det vidda, sjøen eller skogen det ikkje av meg vera sagt. Er det stillhet og fred i sinnet eller kjensla av nå er du fri? Kanskje dagar som lever i minnet det er ikkje godt å si. Er det kvelder da gjengen var samla til fest i eit lykkeleg lag? Eller uvær da tora ramla heile natta til gryandes dag? Er det vinden som slit og riv eller bårun som slær imot strand? Kanskje skodda som sakte driv så nesten du ser ikkje land? Er det sol som tindene gyller eller regn som mot ruta slær? Er det lufta som lungene fyller eller bua som er deg så kjær? Eg trur at svaret må verta med enkle og ærlige ord: «Det var her eg miste mitt hjarta til vakraste sted på jord.» Kjelde: Dikt og prologer fra Sel, 1985, s. 103

Røsslyng

av Einar Asbjørn Olsen Som helsing frå såmår og sol du klær deg i reinaste blått du minnest da gauken gol - enda ein høgsåmår gått. Så stille upp du gror um hausten du tittar fram rundt vier og einkjørr du snor rett ofte på bakkekam. Som barneaugo du tindrar i li og i bakkehell og ingen som røsslyngen tindrar når avskil du tek med ditt fjell. Du er likaste blomen min du så enkel du står i mi lei du byggjer med bløming ei bru til henne - den einaste ei! Kjelde: Dikt og prologer fra Sel, 1985, s. 102