Innlegg

Viser innlegg med etiketten Seterliv

Bølingen slepp ut

av Jakob Sande No spretter lauvet no grønkar graset og sola skin over Jonsoknut, og fluga surrar mot fjosmurglaset, og kua rautar og stundar ut. Der kjem budeia med massingbjella og kolven mjukt i mot malmen syng om sol og sommar i sæterfjella på vide beiter av gras og lyng. På låvekloppa med påk i neven står eg og broren min trygt på lur, for rett no veit vi det vert eit leven som heile garden på ende snur. Vi høyrer rauting og ståk frå fjoset, og fyrste kua i døra står. Ho blunkar blinda mot vårdagsljoset litt støl, kanhende, i legg og lår. Men best det er som ho brått seg sansar og slengjer bakparten ende opp, og yr og kåt over tunet dansar med skeive, sjanglande nautehopp. Der kjem dei rennande heile skreia med ville fakter og håse raut, som var det sjølvaste oskereia og ikkje velvorne, vaksne naut. Dei unge dansar på lette føter so sand og småstein for klauva fyk, og prøver styrke med gamle krøter, men vanlegvis får dei herleg stryk...

Huldre på Øverbø-seter`n

av Hans Nygård Ein gong kom det åt budeiun på Bø, så vakker ei jente, ba um få lånt lite brød, og um ho fekk dein smør-rull`n ho ha stån, dæ skul` bærre bli eit snertande lån. Ho skulle niste ut keill`n sin te fjeill, og hein va så sur når ho ha` for seg slikt steill, trast hein va reist så ho fekk lite fred, skul`ho kjinne og båkå og kåmå dit ned. Ho fekk lånt såpass at niste ho ha, sveipte dæ i stakken og burte ho va, um kveill`n kom dæ att både smør og brød, men slikt smør ha døm eilder avla på Bø. Kjelde: Dikt og prologer frå Sel, 1985, s. 96.

Me flytter frå stølen

av Jakob Sande Me flytter frå stølen med bøling og bu, åt bygdi seg rekkjer den rautande ku,    og smalen seg sankar i flokkar. Fjordbalkken ruggar so breid og stor, på klyvi sit Vesle-Brit, gjenta til mor,    og hjalar på hjuringlokkar: Kom kyri, kom kalven, kom stuten, kom smale og geit uppi nuten! Kom Gullros, kom Lokke og Rose, kom heimatt i varmaste fjose!    kom kyri, kom smalen    åt dalen åt dalen,    å kom! Heidi sturer so mager og grå, beisti hev gnege kvar blom og strå,    -her er ikkje verande lenger. I dalen feitaste håbøen gror, raunen laver iår som ifjor,    og burte er alt det som stengjer. Kui rautar eit langt farvel, ser ifrå leitet dei gamle sel,    og takkar so varmt for i sumar. Vesle-Brit lokkar i langelur, huldra svarar i berg og ur,    og haukar og syng so det ljomar: Kom Bertel og Sjur burti nipa nord! Hei, kristenfolket til bygda for! No rå...

Kva var det?

av Jan-Magnus Bruheim Han lokka og leita før sola spratt, etter ei ku som låg borte i natt. Han kakka på berget, og det kakka att! Kom heim att nå Dagros! Å kyra mi! Då svara det ein stad: Å kyra mi! Og guten skvatt so han datt i koll. Då skreik han, kom att - kom att med ho Dagros ditt stygge troll! Han høyrde det svara: Ditt stygge troll! Kvar har du gjort av mi ku? Mi ku! ropa det inne i berget. Og det var vel trollet som gav slike svar? Kven var det som svara, kven trur du det var? Kjelde: Skrythøna og andre barnerim , J. W. Eides Forlag, 1956, s. 4

Paa Sætren

av Johan Sebastian Welhaven Aftnens Glød paa Bjergets Haller skinner over Skovens Skygge, og paa fjerne Fjelderygge gyldne Skyers Gjenskin falder. Gjennem Kvelden Luren gjalder, og de høie Lier svare; alle Fjeldets Alfer fare bævende om Sætervangen, hvor nu Glandsen, fulgt af Klangen, kan det Skjulte aabenbare. Her blandt mosbegrode Tuer, paa en Fjeldmarks golde Vidde, her, hvor stille Hougfolk sidde i de skumle Jettestuer, her har Himlens milde Luer vakt en Sjel i Aftenstunden, og hver Tone, som var bunden, løses nu af Livets Aande, og den stumme Ørknens Vaande er i klangfuld Andagt svunden. Kjelde: Samlede digterverker; tredje bind, Gyldendal norsk forlag, 1943, s. 192

Morgon på Neto-Sæter

av Tea Kummen Ei lita selsdør                                                           på gamle hengsler går opp. Og gjætarguten på sengehjellen står opp. Budeia lyfter frå hafellstauren eit mjølkespann. Høyr, bekkebrusen bryt morgonstilla ørlite grand  -  . Og silingskluten og spenasmurning og kakk  -  . Ved laugga heng det ei lita sleipe og makk. På stein ved lækja ligg skurefille og banketre, der blanke dropar av morgondogga no trillar ned. I dag vert bølingen høgfjellslokka på øvste råk: Så lang ei dagsferd på Sekkeflyom  -  med tråkk og tjåk. Nei har du sétt på  -  . I nørdre Brandsar står geitfjøsdør på vidan vegg  -  ...

Sorg over sæterbudeia

av Ole Arnfinn Torgersrud Du skulle sett ho Solveig, sæterbudeia på Ro, i fjor da ho flaug oppå stylom og lokka hem kua te kvelds. Ho va så velsigna fjell-kåt og raulett og varm og god. Ho song så dvergmålet svårå i blåleitom langt te fjells. Det ligg så grasgrøn ei slette ein stan innved Vakkernut, og der va det leik og livat hår einaste laurdagskveld. Der svinga ho Solveig springdans så stakken stod ende ut te måråsola kom trill-rund og skein over alle fjell. Det va itte rart at gutan fekk hog te å freste fri. Døm kappflaug ette`n Solveig hår gong det let opp te dans. Men det va ein som fekk lov te å kalle ho gjenta si. Og det va ein blankøygd gardgut frå Liom som heitte Hans. Du skulle sett ho Solveig hos konsul Krohn inni by`n i haust da ho kom hem på feri med fjørhatt og høghæla skol Ho hadde blodraude lipper og sotsvarte augebryn, og ingen i Øverbygda kunn tru det skrømtet va ho. Nå va ho skore tå mønster frå Paris og Hollywood. Ho himla me...

Nordpaa sætrom

av Tore Ørjasæter So fer eg so glad og fri til støls nordpaa Mysubytta; det var nok mi beste tid eg livde i sæterhytta. Sjaa elvi gaar mysu-graa og stup-bratt i fossar fell; men himlen so blank og blaa seg kvelver um klaare fjell. Og øvst uppi Svart-bytt-dal der er det vel gras aat geitom; og lufti er linn og sval langt nordi sol-ljose leitom. Tverr-eggi ho staar so traust med dag-glans paa drivkvit tind. Sjaa soli ho renn i aust med vaknande morgovind. Det veks slike fine straa i lidi ved Røykjeskaalen. Og forkunnmat er aa faa for ku og for sau og folen. Og uppunder Sekkje-fjell der er det so høg ein stad, og blenkjande bekkjer svell og siklar på berge-svad. Og einsleg paa viddi vill der lyser den tunglynde tjørni. Mot himilen djup og still der stig den hugstore ørni. So vide som syn kann naa um fjell er det væne votn med himilen rein og blaa blenkjande skirt i botn. Kjelde: I dalom , Olaf Norlis Forlag, 1910. s. 78

Seterminne

av Audun Høgbrenna Den gamle setervegen med kjerre, kar og hest, har vorte til min eigen, og faste heidersgjest. Det demrar eit bilete frå setervang og fjell. Det lyer som eit ekko frå ei anna tid i kveld. Det lever mange minne frå denne svunne ti'. Og sep'rator og kinne, og raut i seterli. Den vakre seterjenta som stelte kalv og ku, ho heldt det pent og reingjort i fjos og seterbu. Den dunkle bjølleklangen og sus frå bekk og å, la tone i den sangen ho gjekk og nynna på. Hesteskoen song mot steinom når ein såmmår var forbi. Og fugger'n oppi greinom song på same melodi. Den gode setertida, kjem som fjerne draumar att. Ho er ofte innom døra ein gong el' to ei natt. Eg minnest buferdslasset, den hausten det var slutt: Eit spann, ei ostekasse, ei kinne og ein butt. Kjelde: Tidsbilete, Snøhetta forlag, 2009, s. 7

Farvel aat Sætern

av Georg Sauerwein Farvel, Farvel, eitt langt Farvel, Du kjære Seterbu, Du Mark aa Kve', du Berg aa Fjell, Du Bækk mæ' sjø l -byggt Bru, Der e' saa ofte einsle sat, Aa tralla Visa mi': Ho kjøm, saa b l i, ve l alder att, Slik hogg' l e Sæterti'! Farvel, døk kjære Venne naa, Som fø l de me' te Fjells, Der mang ei Sjo'foinn os fekk sjaa, Tes langt dæ lei' te Kvells. Dæ b l i naa kallt aa myrkt inatt, Aa Somo r n æ forbi: Ho kjøm, saa b l i, vel alder att, Slik hogg' l eg Sæterti'. Farvel, du Ti' taa Moro full, Kvar Gjente kvæk aa gjill, Mæ' Kjinn som Ros, mæ' Haar som Gull, Som So l sken, b l i aa snill! Forbi g l att Vaa r n aa G l e'a radt, Te minnast, lel, æ 'n fri: Ho kjøm, saa b l i, ve l alder att, Slik hogg' l e Sæteri'. Kjelde: Frie Viso ifraa Viggu'n, ny utg. ved Jan Torgeir Lindsøe, 2006, s. 37, 1. utg. 1885

Haust-raut

av Tore Ørjasæter Langleit-Solveig      er so hugilt og kjenslekløkk,      det går gjennom hennne ein haustar-gjem      av nokon som andar so stilt og kjem      forutan fotslag mot henne. Dagros, Dagros      dreg seg so tungt no siste hausten      som ho skal bera bjølla på støl.      No blir ho rett gamal bjøllkui sjøl      og so skal ho heim til haustslakt. Haust-raut, haust-raut      ômar so audt inn i eisleg fjelldal.      Det susar i audni so tungt og tomt.      No seinhaustes blir det so tidleg skumt,      og snø-kast kjem ned nordi fjellom. Haustklår hugkløkk!      Solveig tykkjest å sjå sin lagnad;      bleiknar ho brått og blir hjartesår:      "Ved dette l...

Fee slepp ut

av Tore Ørjasæter Det er um morgo'n den heilage himilferds dag. Skyene driv med det vårfriske aust-yrjudrag.       Solopne dalen i dagning. Solveig og Sigrid som snøggast åt fenadfjos spring. Kubjølla skranglar, det ringlar i jønnband og ring.      No slepp nok buskap av båsen! Gunnar han går der so nøgd inni småkrytyrfjos, kjeklar med kjedungom både med rangord og ros,      leikar med godmølte læte. Ungfée losnar med gauling; då dei bråspring og sprett. Bjøllkui gamal flyg etter, men skjanglar og dett;      beini er støle og stive. Spranggås og Svangros dei renner så kåte ikring, gaular og spøner med stanging og styggvorne sting.      Buskapen kjenner seg utløyst! Bølingen blidkast og rutlar på betiting i ro. Bjøllklangen ljomar i kvelden med linnvoren ljod.      Soli ho sig ned og sloknar. Kvelvingen kviler so klårt imot fjellblåe tind....

Det er stilt

av Olav Øygard Det er stilt på sætervangen medan natti myrk sig på. Einsleg lyt eg kringum sviva, ingenstad er liv å sjå. Det er stilt i alle åsar, no dei søv båd' folk og fe. Berre eg må gå og driva, berre eg er utan fred. Det er stilt, og gjenom lidi lyder korkje song ell' ljom. Eg som tenkte du skuld' koma ung og glad som fyrr du kom. Det er stilt, men stjerneauga det er like blidt som då. Tru det skal ei helsing bera frå den ven eg ei kan nå? Kjelde: Utgjeve posthumt i  Vårsong. Dikt i utval , Skjåk kommune, 2010, s. 29

Ågots fjeldsang

av Henrik Anker Bjerregaard Sola går bak Åse ne Skuggan bli så langje. Notta kjem snart atteve, tæke meg ti Fangje. Krytran uti Kvien står: eg åt Sæter-stuli går. Myrkt de æ ti kvar ei Bygd, ti de djupe Dale; her på Fjeld ha Sola drygd me å gå tå Gare, test eg kvile onde Tak; Morgå æ ho tile vak. Snart eg æ no klar i Kvæld, så går e te Kvile, søv så roleg onde Feld test i Morgå tile; når eg da ha somna in, drøjme eg om Guten min. Kjelde: Fjell i ord og bilde, Samlaget, 1995, s. 76

Førkja aat Guté

Kæm æ nå dæ, som rutla Ve Sæter-Dør? Aa æ dæ du, som tutla Ve Glase før; Saa kom inn, Guten min! Aa trevle de fram aat Sjeillé, Dær ligg e óndé Feillé. 'O Mór gjekk heim aat Garé Før Mjolke-Ti, Ho bli full' ne i Dalé Ei litól Ri: Ligg sjaa me. Hær ti fre, Tess Sólé bydja aa reinne, Da kjøm 'o Mor atænde. Aa gje ho vilde tryte Te Dugur-Mót! Aa gje oss kunna yte Mæ Hand aa Fót Ótta graa Ne-att, saa At Dagen inkje skull sprætte Før oss taa Lyst vø mætte. Dæ vilde leinger drygje Heill Jutuls Liv; Aa mæ blaa' Bærge-Flyé Mot Vind staar stiv, Vø e dinn, Aa du minn, Aa inkje meire paa Jóra Heill e aa du min Ola. Ti Fangjé din' e gjøymé Æill Hugsótt mi, Aa óndé Ryun gløymé Dæ som e li Taa 'n Mór, Taa 'om Bror, Som ampre æ nókk te vilja Eit sjónslé Par sónd-skjilja. Oss vilja inkje syte, Min vene Gut! Men traatte dæ oss lyte, Dæ fæ full' Slut. Ser e de Riom-te, Saa har e Mo nókk te bæra, Kaa Jongen dæ ska væra. ...

Heimreise fraa Sætern

av Edvard Storm Oss ha gjórt kaa gjærast skulle, Ysta Óst aa kjinna Smør, Naa staar att aa kløvja Øykjin, Sætja Laas for Sæter-Dør. Kórkjé finst dæ meire Føe Hær for Heié heill for Krist', Gla' æ oss, oss slæpp aat Bygden, Meire gla æ Kué vist. Farvæl Kve, som ofte gjórde Bloutast Blómster-Seing 'pum me, Ner e trøytt ve Høgst-Dags Leité Ljøp aa sløingde me paa de; Farvæl Sæl! mi kjære Stugu, Som saa mangt mitt Arbei saag! Montru du ou mærte nogo, Ner Stakæillæin sjaa me laag. Farvæl Mark, som Fænein gnaagaa, Dær e gjætte mang ein Gong; Farvæl Skóg, som ofte ljóma Taa min Lu' aa Stut aa Song! Farvæl Hulder, som dær budde! Fløt naa du ti Sæle inn; Vinters Ti æ ilt aa liggje Ute baa' for Vær aa Vind. Kom naa alt hær finst te Sætra, Kom aa følg aat Bygden ne! Heile Jóre æ naa ryugt, Kaart eit Straa høyr' Fæna te; Skónd' døkk, Folkjé vænta heime, Bufor-Læfsa vill døm haa: Hær æ inkje meire gjæra; Folk aa Fæna, læt oss gaa! Kj...

Sæter-Reise

av Edvard Storm Markjé grønast, Sjógen braana, fjeill bli bært, aa Louve sprætt, Muri-Nykjyl staar i Dalom, Kué se fæ eta mætt, Alt som livi bydja kræka, Bjønn'n kjøm taa Hié fram, Utu Fjósé spring fornøygde Ku aa Kalv aa Sau aa Lamb. Æille Fugle læt se høyre, Tiur sit paa Furu-Kvist, Kaar som kjeinné att sin Maakaa Syng mæ Hógna: Takk for sist! Blanda Song ti Fjeillé ljóma, Gouk aa Røy aa Jærp aa Trost Kappast um kæm bæst keinn rópe Gleé ut for slutta Frost. Sólé skjin paa Aaker-Reinom, Tælein rætt-naa burte æ, Ølen æ ti Være komin, Plóg aa Horv lyt laagaast te; Guten velé um Hafeillun, Eingjé ska ou røjast naa, Dæ betyé for Budeiun: Bøling ska te Sæters gaa. Komé Fæna, komé følgjé, Kom Gull-dropple, kom Spe-lin! Kjyra, Kalve! Døkk e føre Vill ti Sæter-Kveé inn; Utta Faré ska oss læva, Busveinn heild oss fri for Bjøinn, Kaa hæinn inkje honom frykta, Frykta hæinn Budeias Høinn. Feite Grase ska døkk eta, Drikke klaare Kjøilda te, Kaar ein Dag ...

Heimanferd

av Olav Aukrust Når lidene bleiknar og lauvet mun falle og vinteren ventar på det han skal erve, då tidt tek so tvingande krav til å kalle - sjå heimlid og heimfjell or synom skal kverve:     då vert det so stusseleg rundt sæter og sel,    so mang ein må då segja bygdi farvel. Då tek han Imbert avskje' med Høvringen, då tykkjer Gunnar at fager er lidi.    Då ser ein attende,    hev hug til å vende, - då drøymer ein upp att og hugsar sitt liv    i barndomstid, - då vaknar ein tone, då hjalar eit viv    i Jusulid. Stigar i lid smyg i løynd ned frå fjellet, kongsvegen grå et dei upp, dreg frå bygdi. Gløymast og døy skal det aurgamle stellet, kjeldune friske og gøymdaste frygdi.    Elvi syg bekkjene i seg og stryk -    att i si redsle stend fossen og ryk. - Stilt er i skogane, klaka er vegane, - sjølv sit du einsleg på ferdmanns-lasset    i draum under lide,   ...

Sondags-Kvellsang paa Sætern

av Georg Sauerwein (Dr. G. J. J. Sauerwein) Kryt're kjøm atende: Høyr, fraa høg'ste Lænde Lokka Gjenta døm. Sjaa, kor langt fraa Li'om, Ku aa Ka l v mæ Kvigjom, Sjaa, kor smaatt døm kjøm! Jau, døm æ saa kjei'e, Gjenta snart fæ Greie, Kvar ei finn sitt Stell: Gjenta stelle aa smile, Kue fæ da kvile – Stille Sondagskvell! La' os innat vende: Over vi'e Lænde Skin dæ ljost aa gjillt. Sje i nnu i n kjøm som Gjæste, Maanin midt i Fæste Helsa døm saa mildt! La' dæ b l i dæ saamaa, At os og fæ komaa Høgt i Himilsbu, At os og b l i Gjæste Ogo Himilsfæste, E' saa ve l som du! Kjelde:  Frie Viso ifraa Viggu i n sungje i Nørdre-Gudbrandsdalsk Dølamaal , Alb. Cammermeyer, 1885, s. 30 lænde : fjellvidde sje i nnu i n : stjernene fæste : himmelkvelven ogo : over

Gamle sætre

av Ragnar Solberg Eg sitt still ti måsåfjell - høyre hausten ljome. Hustre òg ein seinhaustkveld med alle sætre tome. Gamle gråe vehlle hus onde ramsvart håmår ligg på stein og tæla grus og glåme grønt mot såmår. Stygge sjogen ri og ryk over blåe høe, og så mjuk og mild 'n fyk der kjærringkjørre bløe. - Og han legg seg kvit som krit, gjyv um skal og skrente, - som ho sa ho Støste-Brit: - Nå er 'kje meir å vente! Men eg ynskje som 'n Pær - 'n kleia seg i hugu: Ha'ss enda fått måsåvær, sa'n og gjekk nordi stugu. Eingong sa'n blidt på skøy - 'n heldt seg for nåså: Bie te' Helgomesstøy så bli' det vær åt måså. Eg sitt still ti sjog og sus - høyre hausten ljome, men tru gamle sæterhus på desse ti'n står tome? Va'de'se'likt! Ståk og styr - grynt frå håse tusse, - jø, d' er korkje folk hell dyr - værre 'ell fant og fusse! Og tykjy sjå, kåt og snar - som ein vind frå hø-om - huldre, dan...