Sota
av Olav Aukrust Det er ei sæter som heiter Sota, og einsleg ligg ho i svarte audni. Eg kom der veg-vill ein gong ved midnatt, og myrke segner imot meg susa, - sev for vind uti straum rakte, kragg og trollskog kraup og krakte - kryp og krèk der til domedag. * Det var ei hildrande ungmøy-hulder som sat budeie på denne stulen. Ho heldt med tvo, og det vart til våe, - ho fekk då nøgdi, til sist, av båe, og dei fekk metta si båe tvo. Det hende noko der, langt attende. Det small eit skòt der ein gong ved midnatt. I ormut otte låg ein og glødde, han låg og lura, han låg og lødde - hin stupte då skotet small. - - - Han kom til Sota ved midnattsleite og kravde løni for velgjort arbeid. Han stengde døri, ho sløkte ljoset - det raute tungt gjenom fenafjoset - tvo hjarto dunde i natti nifs. Han som skaut , var han Kristen Fange, men han som stupte, fekk inge...