Den kvite hjorten
av Jan-Magnus Bruheim Dei gjekk der saman og beitte innover myr og mo, den kvite hjorten og mor hans. Ikring dei var fred og ro. Bork gnog dei og beit av baret. Dei nuppa i knupp og grein. Lågt vest i Skorveskaret den bleike haustsola skein. I logande lauvfallslier inne i rustene, der i skuggane, lyste rimet på mose og lyng og bær. Dei lydde med lyfta hovud, vàre for kvar ein ljod. Vaktsame slutta dei beite - Dørjande stille dei stod. Var det vel noko som tusla? Dei lydde og såg ikring. Knast det ein kvist i skogen? Nei, det var visst ingen ting. Ungskogen gav gode beite. Dei gnog borken og åt. Alt var så stilt og fredsamt. Då small brått eit børseskot! Det som om lufta rivna! Stilla vart støytt i knas. Attljoden høyrdest frå berga som om det gjekk eit ras. Lurande fram utor skogen kom dyret som gjekk på to. Stavstill sto hjorten ein augneblenk og kjende kor hjarta slo. Unghjorten rømde i redsle opp over bakke og bratt, inn gjennom skard og s...