Innlegg

Viser innlegg med etiketten Dovrefjell

Reinsbukken Kauto frå Kautokeino

av Jan-Magnus Bruheim No skal du høyre om reinen Kauto frå Kautokeino som voks opp og sprang og leika i lag med Matti og Aino. Mora hans døydde. Men borna og Kauto var alltid saman. Dei sumde elvar. Dei leika gøymsle og hadde moro og gaman. Så var det ein vår at fleire enn han vart selde og sende og kom over fjella heilt til Skjåk. Men Kauto lengta attende. Aino og Matti syrgde den dagen han reiste frå dei. Sjøl trudde visst Kauto han alltid skulle få vera hjå dei. Han lengta til Mattis og Aino, til nordljos og nattsol-netter, og venta borna kvar einaste dag - men dei kom aldri etter. Der Kauto stod, såg det ut som han stanga i himlen med horna. Han ville fara i denne kveld og koma heim att til borna. No lura han seg or flokken utan å spørje om lov. Reinsflokken låg og kvilde, og jamvel hundane sov! Lenger og lenger bar det frå flokken. Det gjekk i dilt. Klauvane knuspra mot snøen, men elles var allting stilt. Så stod han på Dyringshøa og såg ...

Gudbrandsdal

av Tore Ørjasæter Gudbrandsdal med lange armar krøkjer seg um jøtunbarmar, sterkt i storkna famntak støypt. Dalen over alle dalom som hev gomol ætt i galom er av Dale-Gudbrand døypt. Vegafus eg leidi vende gjenom myr og morkalende nord-igjennom nørdst på Sell. Stundom storkna som i strype, kløyvd i kamp og tronge klype Dalen upp mot Dovrefjell. Dovre, Dovre! tungt det dyngjer, gjenom soga vår det klyngjer klang av namnet traust og trygt. Norig, Norig! god er grunnen for din livsens lagnad funnen, som på Dovrefjell er bygt. Kjelde: Dikt i samling, Ashehoug, 1985, s. 62

Blomstre på Dovrefjell

av Georg Sauerwein Einsle va dæ, seint e i n Kvell, Maanin skein paa Dovrefjell, Maanin skein saa stilt paa Høgden, Alle fo l k va reist aat Bygden; Me i n eitt  B l omster fa i nn e' lel, Einsle der på Dovrefjell. Vinn, ha i n bles saa vilt åå kallt, Somo r n flaug aa f l øtte allt, Ingort B l omster b l ugsamt smilte, Alle længje laag aa kvilte; Me i n eitt B l omster b l omstra lel, Einsle der paa Dovrefjell. Ros æ dæ, så b l ug og b l i', Hæ r og nok i haustle Ti'; Ros æ dæ, saa rau' i Kjinnom, Ho frys inkj' i kalde Vindom. Haust b l i Vaar, dæ trur e' lel, Ve' slik Ros på Dovrefjell. B l omstre langt fraa findtle Orm. Skjønt i Ovær, skjønt i Storm, B l omstre mildt, mæ b l i'e Minnom, Gjilde Ros mæ rau'e Kjinnom, Sjøl um Vintern b l omstre lel, Fre'le, frisk, paa Dovrefjell. Kjelde: Frie Viso ifraa Viggu'n, ny utg. ved Jan Torgeir Lindsøe, Dovre, 2006, s. 40, 1. utg. 1885

Kuran og Turan

av Ragnar Solberg Kuran og Turan og høyr kor det læt. Den eine skratta, hin sutra og græt. Kuran og Turan med sløng og med hopp og skinande blank og ormlugum kropp - Kuran og Turan snart snar og snart sein blenkje og myrktna og kjæla kring stein. Sprett upp og spræna og græv kvar åt se' - glætt over svaberg og spring messom te'. Kverville kvitna i kryss og i kross. Før du veit ordet er Kuran ein foss. Men Turan knurra og kvasst blir'n sint. Han tær seg drag att  - og detta gjekk fint! Han små-klukka glad: - Eg fekk større fall ... Og Turan tura og tralla ein trall. Kuran og Turan? Er det du som spør: Viltre krabate og to tvillingbrør. Kuran og Turan er fjellbekkje tvo - møtes i sjøe og stilt fell til ro. Alle ligna oss slike tvillingbrør som famna  'n an' i glømsel og dør - Kjelde: Livsskurd, Aschehoug, 1950,

Det e' godt å kvile på Dovrefjell

av Olav Gjærevoll På gamle Vårstig er godt å rusle og kjenne freden fra topp og tind. Om verda ellers er kald og stusle', gir fjellet varme i sjel og sinn. Når e' vil bort ifra styr og stell – det e' godt å kvile på Dovrefjell. Det lyser gullgult av mjelt og myrklegg og himmelblått av veronika. Her klager heilo, her skarrer ryp'stegg, her kvitrer snøspurven likegla'. Når natta fylles av fuggelspell – det e' godt å kvile på Dovrefjell. Blant visne grasstrå i dvergbjørhheia står lubben mogop og varsler vår. Og oppå Snøhetta issoleia mot himlen høgre enn andre når. Når vidda farges av blomsterveld – det e' godt å kvile på Dovrefjell. I bjørkelia veks turt og lushatt så frodig hage du aldri så. I hamrer høge med veggen stupbratt sitt' bergabrura med sløret på. Når sola daler en sommerkveld – Det e' godt å kvile på Dovrefjell. Der Nystuhøa mot himlen hildre står viddemyra i snøulldrakt. Som barneauer ei stjernesildr...

Visa på Dovrfjelle

av Vegard Vigerust Det va ei vise på Dovrfjelle, ho ha så onde'leg pen ein ljod. Men det va einast i seinhaustkvelle når månin skein over Svånå-svelle at de va von um å høyre ho. "Um eg er frosen og isa, syng eg nå denne visa. Og lye' du berre lengje, er det som sorgje sviv på mjuke sjo'fuggel-vengje over ditt arme liv." Eg kom ein seinhaust åt Dovrfjelle eg gjekk og vingla og va så mo, og månin skein over Svånå-svelle, eg låg og fraus på eit røslyng-stelle, da fekk eg høyre så pen ein ljod ... Kjelde: Evig unge Dovre. Dikt, prosaskildring, lokalhistorie, Dovre-ord , Dølaringen Boklag, 1993, s. 40