Bygdevisur
av Olav Aukrust Eg bad meg unda, men laut til pers att og gjera det som min vekkjar sa: hev klønt ihop nokre vek og vers att som tidt og trått både gret og bad. Det kraup, det ringa, det orda inn meg- det baud og tvinga og kviskra: Finn meg! Frå kyrre berg-veggen kom ein klang; men bratt var stigen og leidi lang. Som ferske dyr-kalven, der han ris på nakne, doggsprengde fjellet upp millom urd og is, der ville vêr-semla gjeng og krokar i ringumkring han og blæs og snokar, der ørn hev susa og jerven jakta: so varleg vakta er i si einsemd det dulde liv som spor meg gjev og til fjells meg driv. Det var eit lende so skrint og magert, so armt og fatigt, men endå fagert- men i sin fagerdom endå hardt, men livet bivrande vilt og várt. Dei var so mange, dei fjell og løypter eg skulde gange, og fanst det noko i det dei skjenkte, som skein av lengdom og liksom blenkte, so va...