Stølsmorgon
av Rolf Vang Det blenkjer som doggdråpar i minnet, stølsmorgnane - når ein vakna i kjøleg drag frå budøra - låg venta første solglimet innover sels-golvet. Skinnfellen som kitla i andletet - fôrdyna der fjellgraset mjukna under ein og anga av sommar Bjølleklunk og geitebrek frå fjøskvea. Skarpe kling når bestemor vaska mjølkekoppane under vasstroa. Kor djupt og inderleg godt dei sit i ein desse morgnane på stølen. Fintoppstigen over vollen ned mot vatnet der ein liten brun båt venta. Sjølve eventyret når du vart betrudd årene og drog båten over hølsvart vatn der noko av natta hekk att. Så trygt med bestefar i bakstamnen med morgonpipa i neven. Garnstøet ved Siljeosen der gylne glimt i djupet lova fangst Det er borte nå - alt. Buglasa glimar mot lyset. Men ingen røyk stig frå pipa og syner at stølsgrenda lever. Vi vart siste generasjonen, vi som fekk oppleva ein stølsmorgon i fjellet. Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 12