Åleine
av Jan-Magnus Bruheim Når det blir kvelden seine og alt er stilt ikring, sit eg her mo åleine og tenkjer ingen ting. Kring huset går og puslar ein vák og heimlaus vind. Han ruskar litt i døra og bankar og vil inn. Så sit eg her og høyrer kor klokka tikkar tid. Eg er så reint åleine og verda er så vid - Då ser eg gjenom glaset ut over heimegrend som mot ein stjernehimmel der ljosa brenn og brenn. Der bur det folk eg kjenner og folk som kjenner meg. Her sit eg glad og tenkjer på dei – og så på deg! Eg er ikkje åleine. Jamvel bak fjella blå bur kjende og ukjende som eg sit og tenkjer på. Kjelde: Syskenringen og andre barnedikt , Noregs Boklag 1972