Kulokk
av Olav Aukrust
Ola Jonson, Ola Jonson,
no lokkar eg fe.
Uppi rustom, under buskom,
der finn du att meg.
Kom Leikros, kom Bleikros,
kom Fefru, mi ku.
Kom Kveldros, kom Fjellros,
kom gjævaste du.
Kom Blomstut, kom Brandstut,
kom Blidan, kom Byrg.
Kom Staute, kom Raute,
gakk inkje og syrg.
Uppaa pallom nordpaa skallom
staar krokbjørki skrinn.
Og det riktar, og det svigtar
i regnslit og vind.
Her er fjellvilt, – her er vindstilt
i hellar du veit.
Og eg drøymer, og det strøymer,
og eg hugsar meg heit.
Dersom nattdoggi og berroggi
sa det dei veit,
og so nattfrost, og so vindblaast –
vørte tvau reint ibeit.
Baade nattdogg og berrogg
hev stødt halde stilt.
Korkje nattfrost eller vindblaast
bar ut noko ilt.
Uppaa hjellom under fjellom
staar risskogen tett.
Uppi rustom, under buskom
er det liva og fredt.
Ola Jonson, Ola Jonson,
eg hev lokka so langt.
Uppi rustom, under buskom
hev eg hugsa so mangt.
Kjelde: Himmelvarden, Alb. Cammermeyers Forlag, 1916, s. 157
Berroggi: Nakne grunnen, nakne marka
Tvau: Inkjekjønnsform av to (ein og ei)
Ola Jonson, Ola Jonson,
no lokkar eg fe.
Uppi rustom, under buskom,
der finn du att meg.
Kom Leikros, kom Bleikros,
kom Fefru, mi ku.
Kom Kveldros, kom Fjellros,
kom gjævaste du.
Kom Blomstut, kom Brandstut,
kom Blidan, kom Byrg.
Kom Staute, kom Raute,
gakk inkje og syrg.
Uppaa pallom nordpaa skallom
staar krokbjørki skrinn.
Og det riktar, og det svigtar
i regnslit og vind.
Her er fjellvilt, – her er vindstilt
i hellar du veit.
Og eg drøymer, og det strøymer,
og eg hugsar meg heit.
Dersom nattdoggi og berroggi
sa det dei veit,
og so nattfrost, og so vindblaast –
Baade nattdogg og berrogg
hev stødt halde stilt.
Korkje nattfrost eller vindblaast
bar ut noko ilt.
Uppaa hjellom under fjellom
staar risskogen tett.
Uppi rustom, under buskom
er det liva og fredt.
Ola Jonson, Ola Jonson,
eg hev lokka so langt.
Uppi rustom, under buskom
hev eg hugsa so mangt.
Kjelde: Himmelvarden, Alb. Cammermeyers Forlag, 1916, s. 157
Berroggi: Nakne grunnen, nakne marka
Tvau: Inkjekjønnsform av to (ein og ei)
Kommentarer
Legg inn en kommentar