Langt, langt inni ville fjell
av Olav Aukrust
Eg klistra tytingen der eg trødde,
i kvite snøen han låg og blødde,
ein liten nattgamal nysnø
såg n'i bygdi frå høgt i hø.
Rein han låg
over stein og såg
seg sjølv liggjande likbleik
langt, langt inni ville fjell.
Eg drap ei rjupe, og skòtet dunde,
og fjelli ropa, og urdi runde -
derpå vart det so daudstilt.
Fjellet nemnde seg, várt og vilt.
Stur eg stod
i ei urd, og blod
brann i drivkvite snøen
langt, langt inni ville fjell.
Varme, villkvite fuglen bivra,
i opne nebben stod blodet livra,
eg stod og svimra i krutrøyk, -
redsla kom som ein skræmd øyk, - -
eit liv var sløkt,
eit liv forstøkt
stod einsleg att med sitt eige -
langt, lant inni ville fjell. . .
Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 49
Eg klistra tytingen der eg trødde,
i kvite snøen han låg og blødde,
ein liten nattgamal nysnø
såg n'i bygdi frå høgt i hø.
Rein han låg
over stein og såg
seg sjølv liggjande likbleik
langt, langt inni ville fjell.
Eg drap ei rjupe, og skòtet dunde,
og fjelli ropa, og urdi runde -
derpå vart det so daudstilt.
Fjellet nemnde seg, várt og vilt.
Stur eg stod
i ei urd, og blod
brann i drivkvite snøen
langt, langt inni ville fjell.
Varme, villkvite fuglen bivra,
i opne nebben stod blodet livra,
eg stod og svimra i krutrøyk, -
redsla kom som ein skræmd øyk, - -
eit liv var sløkt,
eit liv forstøkt
stod einsleg att med sitt eige -
langt, lant inni ville fjell. . .
Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 49
Kommentarer
Legg inn en kommentar