Gråekra

av Tor Jonsson

Gløymd er Gråekra. Berre namnet
er enno att.
Eit einsleg ord fløyter minnet fram att
om dei som gjekk her ein heilag haustdag
og skar det fagraste foll og batt,
til kvelden kom att med store skuggar
og vart til natt.

Fattig fjell kastar skuggetunger
frå nakne horn.
Og lang er solsvelta her i lia.
men jorda  gøymer bratte bakkar
ein dåm av mor mellom magre born.
Og like grøn er den harde einen
med klumsekorn.

Dagen doggflyg og sola rodar
dei berre fjell.
Og jorda teier. Ho ligg og tilgjev
kvar ugjord gjerning. For ho er mora.
I klungerbuskane brenn det eld -
Den gløymde Gråekra ligg og høyrer
til landet lell.


Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 42

ekre

Kommentarer