Heimanferd
av Olav Aukrust
Når lidene bleiknar og lauvet mun falle
og vinteren ventar på det han skal erve,
då tidt tek so tvingande krav til å kalle -
sjå heimlid og heimfjell or synom skal kverve:
då vert det so stusseleg rundt sæter og sel,
so mang ein må då segja bygdi farvel.
Då tek han Imbert avskje' med Høvringen,
då tykkjer Gunnar at fager er lidi.
Då ser ein attende,
hev hug til å vende, -
då drøymer ein upp att og hugsar sitt liv
i barndomstid, -
då vaknar ein tone, då hjalar eit viv
i Jusulid.
Stigar i lid smyg i løynd ned frå fjellet,
kongsvegen grå et dei upp, dreg frå bygdi.
Gløymast og døy skal det aurgamle stellet,
kjeldune friske og gøymdaste frygdi.
Elvi syg bekkjene i seg og stryk -
att i si redsle stend fossen og ryk. -
Stilt er i skogane, klaka er vegane, -
sjølv sit du einsleg på ferdmanns-lasset
i draum under lide,
i tagalstur kvide, -
då tvingar, då tek deg for heile ditt liv
ei helsing so blid:
der syng i ditt hjarta, det hjalar eit viv
i Jusulid.
Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 237

Kommentarer
Legg inn en kommentar