Issoleia

av Aslaug Høydal

Eg sit her under Halvorshø
og kjenner gufs frå is og snø.
Men mellom alt det harde grå
skjelv issoleia kvit og mjå.

I kamp mot kulde, vind og storm
får livet tidt ei vesal form
 ei einsleg sjel, ein blom på fjell,
eit barn i krig mot bombeeld.

Det er dei våpen livet gav
å rømma bort og bøya av,
det veike liv vert meire várt
og det som sterkt er meire hardt.

Kjelde: Alt som ventar, Ansgar Forlag, 1973, s. 40

Kommentarer