Malmfuru
av Tore Ørjasæter
Sjå treet står på eigen grunn
med røter i den jord som fengde
det friske frø i økslings-stund.
Og veldig voksterkrafti sprengde
seg gjennom grunnen med sin gror.
Det tøygjer seg til vêrs mot himlen.
Eit furutre mot høge nord,
malmherda gjenom hardvêrs døger.
Det tre som står i eigi jord
og der har soge alle krafter,
skyt upp med stomnen strak og stor,
og roti glør med gylne safter.
Det står i stormen utan svikt
og tøygjer seg i mognings fridom
med sevjelaupet rikt!
Stå fast du tre, og røyn din malm
til inste åremerg!
På vindberr vakt ved vokstergrensa,
einsam imot aude fjellet
står du store toll!
Um so du stod på klåre berg,
jordtyrste røter tøygjer seg,
syg næring av den nakne mold.
D` er ingen storm som bøygjer deg!
Kluftvridde, knytte, seige tæger
tøygjer seg i tyrste lengt
igjenom kløyv og bergsprungor
som voksterkrafti sjølv har sprengt!
Syg jordnerk inn i stomn og grein.
Bargreiner levande som lungor
andar inn or allheims rømder
solkraft skir og rein!
Syg sol og luft or allheims rømd
med jordnerk ifrå heimegrunnen.
Ein livsens vokstervenleik blømd
ut av dei rette vilkår runnen.
Eit tre som i si sjølve rot
har krafter nok te lyfte stomnen
høgreist med malm og mølmegrjot.
Ja, stomnen det er hâm og hold
og roti, det er ættekraft,
som nærer seg i heimemold
og gjev den rette saft.
Og grein og topp som frie hugen
opnar seg for ljos og ånd
med andedrag og dåm frå alle
himilstrok og lond!
Stå fast du tre og røyn din malm
i sol og storm og vindar strie.
Du vaks upp her på ytste vakt
mot fjellet innved tindar frie!
Kjelde: Viljen og lagnaden: dikt i utval, Olaf Norlis forlag, 1946, s. 47
Sjå treet står på eigen grunn
med røter i den jord som fengde
det friske frø i økslings-stund.
Og veldig voksterkrafti sprengde
seg gjennom grunnen med sin gror.
Det tøygjer seg til vêrs mot himlen.
Eit furutre mot høge nord,
malmherda gjenom hardvêrs døger.
Det tre som står i eigi jord
og der har soge alle krafter,
skyt upp med stomnen strak og stor,
og roti glør med gylne safter.
Det står i stormen utan svikt
og tøygjer seg i mognings fridom
med sevjelaupet rikt!
Stå fast du tre, og røyn din malm
til inste åremerg!
På vindberr vakt ved vokstergrensa,
einsam imot aude fjellet
står du store toll!
Um so du stod på klåre berg,
jordtyrste røter tøygjer seg,
syg næring av den nakne mold.
D` er ingen storm som bøygjer deg!
Kluftvridde, knytte, seige tæger
tøygjer seg i tyrste lengt
igjenom kløyv og bergsprungor
som voksterkrafti sjølv har sprengt!
Syg jordnerk inn i stomn og grein.
Bargreiner levande som lungor
andar inn or allheims rømder
solkraft skir og rein!
Syg sol og luft or allheims rømd
med jordnerk ifrå heimegrunnen.
Ein livsens vokstervenleik blømd
ut av dei rette vilkår runnen.
Eit tre som i si sjølve rot
har krafter nok te lyfte stomnen
høgreist med malm og mølmegrjot.
Ja, stomnen det er hâm og hold
og roti, det er ættekraft,
som nærer seg i heimemold
og gjev den rette saft.
Og grein og topp som frie hugen
opnar seg for ljos og ånd
med andedrag og dåm frå alle
himilstrok og lond!
Stå fast du tre og røyn din malm
i sol og storm og vindar strie.
Du vaks upp her på ytste vakt
mot fjellet innved tindar frie!
Kjelde: Viljen og lagnaden: dikt i utval, Olaf Norlis forlag, 1946, s. 47
Kommentarer
Legg inn en kommentar