Ved varden

av Audun Høgbrenna

Opp over himmelranda,
oppe på Henninghø,
står det ein gråsteinsvarde
høgt over dal og sjø.

Varden vart ein gong mura
av stein frå hø og ur.
Steinar frå gråsteinsura
vart minne om dag og tur.

Sia har varden vore
eit merkje frå svunne år.
Og blir nok eit landemerkje,
så lengje som varden står.

Hit gjekk sundagsturen,
når sola i høom skein.
Her tende folk kaffevarme,
og kvilde dei trøtte bein.

Her sat det folk attved varden,
når andre rusla forbi.
Summe med kikkert i handa,
andre tok fotografi.

Men nå kan vel ingen hugse
kven denne muraren var.
Mange vil sikkert undrast,
men ingen kan gje deg svar.

Kjelde: Perler i minnet, Snøhetta, 2002, s. 11

Kommentarer