Gjætarminne
av Audun Høgbrenna
Langt nord i fjellom på ein attgløymt voll
der bjørka har dvergkrøkte legger,
ligg der ei hytte så naken og fri
og gøyme på minne frå eldgåmål tid
med torvtak og vêrbarka vegger.
Hit kom han Tore kvar einaste vår
dei somran' han gjekk her og gjætte.
Kvar morgo stappa han krokpipa si
og rusla mot høom på nedsliten stig
med niste og saugjætarskreppe.
Innafor bua, oppunder ein haug,
på eit vakkert og vindstille stelle
krøkte seg stigen hass Tore forbi.
Her fann han ein saltklank frå lêrskreppa si
og la på ei blanksliten helle.
Ein efta da fuglane kvitra og song
så longt borti kjørrom kring høa
gjekk han ved åa så lettføtt og glad,
spratt over bekker og vassvåte sva
med skrokka og bambusrøyr-trøa.
Han sat attmed skorstein ein bister kveld
i ly attom vindkast og væte
og steikte seg fjellfisk på heite glø'
Og heimsmør og aure og tvisteikt brød
var helsugt for den som skull' gjæte.
Når peislogen vermde i hytta kvar kveld
frå grovkløyvde feitveda-skier,
da kraup han til sengs på ein barka hjell
i heimlågå, langhåra sauskinnsfell,
med und'lag tå måså og vier.
Her sat han ein morgo på dørhella bøygd
med søljugrein-fløyta i handa
og læt på ein eldgåmål gjætarlokk.
Her skar han sitt namn i ein solbrent stokk,
– det skin over budøra enda.
Kjelde: Bak hågåhekken, A. Kjellands forlag A.S., 1987, s. 38
Langt nord i fjellom på ein attgløymt voll
der bjørka har dvergkrøkte legger,
ligg der ei hytte så naken og fri
og gøyme på minne frå eldgåmål tid
med torvtak og vêrbarka vegger.
Hit kom han Tore kvar einaste vår
dei somran' han gjekk her og gjætte.
Kvar morgo stappa han krokpipa si
og rusla mot høom på nedsliten stig
med niste og saugjætarskreppe.
Innafor bua, oppunder ein haug,
på eit vakkert og vindstille stelle
krøkte seg stigen hass Tore forbi.
Her fann han ein saltklank frå lêrskreppa si
og la på ei blanksliten helle.
Ein efta da fuglane kvitra og song
så longt borti kjørrom kring høa
gjekk han ved åa så lettføtt og glad,
spratt over bekker og vassvåte sva
med skrokka og bambusrøyr-trøa.
Han sat attmed skorstein ein bister kveld
i ly attom vindkast og væte
og steikte seg fjellfisk på heite glø'
Og heimsmør og aure og tvisteikt brød
var helsugt for den som skull' gjæte.
Når peislogen vermde i hytta kvar kveld
frå grovkløyvde feitveda-skier,
da kraup han til sengs på ein barka hjell
i heimlågå, langhåra sauskinnsfell,
med und'lag tå måså og vier.
Her sat han ein morgo på dørhella bøygd
med søljugrein-fløyta i handa
og læt på ein eldgåmål gjætarlokk.
Her skar han sitt namn i ein solbrent stokk,
Kjelde: Bak hågåhekken, A. Kjellands forlag A.S., 1987, s. 38
Kommentarer
Legg inn en kommentar