Korpen

av Tore Ørjasæter

Skuggen av natta og dalen
stig fram lik ein otte duld
or attlæste, levande mordarsamvet
som nærer seg av si skuld.
Ein korp kjem fljugand' i skuggen.

Undrast kva korpen må lide
som trøytt gjenom kvelden flyg
i skygd av hamrar og høge bråfjell
med klufter som kalde syg,
og sjølv er han svart som skuggen.

Korpen, han skrik upp i bergom
med blindslege syn mot dag
og varslar feigd der han sviv og krinsar
med ljodvare vengjeslag.
Sjå korpen han skyggjer for sola.

Han lider det mordaren lider,
og ottast den ljose dag
-  ei sjel som er bunden til svarte vengjer,
no lyfter dei seg til slag  -;
men kluftene syg han attende.

Kjelde: Dikt i utval, Noregs boklag, 1970, s. 46

Kommentarer