Mitt rike

av Olav Nygard

Mitt rike er dei kyrre fjellske dalar;
der søv ein morgonskugge under fjell
som han var evig drott i sine salar;
fraa høgd og hamrar bekkjesusen fell
paa skumdriv-skavlar, el seg upp og hjalar,
men spaknar av, til linne vindar vell
or dalalunga,  braatt paa breide vengjer
han skivrar ned or sine kvilesengjer.

Kor graabergfaks ris høgt mot himelklaaren!
Kor breide svadbergbringur stend i rad
og freistar halde heime all den vaaren
som fossar fram med solsprett, solarglad;
men vemods-veike ser dei dagen boren
av allmaktshender bønlaust burt, avstad
um alle langsyns-blaanar. Finst det heimar
som fangar denne her som hamlaus sveimar?

Aa tru um æva eig so varme hagar
at gløymde gledeminne der slær rot
og blømer fargefagrar fram, og lagar
seg helsingrekkjur til eit varmt «Godt mot»?
Og mine fjell  naar eingong verda ragar
og brotnar, naar det skiplar alt av grjot,   
det sviv so sælt,   eg finn nok mine dalar;
og bekken djupt i æverytmur hjalar.

Kjelde: Dikt. Minneutgåve, Gyldendal Norsk Forlag, 1934, s. 81

Kommentarer