Eldberget

av Olav H. Hauge

Vanvyrd meg ikkje,
de trygge og skikkelege berg!
Gjenom meg, usæle,
skulde det brjota
alt det innestengde
som vår bergætt
i uraldrar ol.

Det var ikkje min lava,
mi oske, min eld
meir enn dykkar,
men bresten var min.

Eg er berre eit berg
som andre berg,
ingi gåte
og ingen guddom,
berre eit skrøpeleg,
utbrent berg.
Men ingen
veit som eg
kva krefter det søv
i oss berg.

Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 99

Kommentarer