Lur-leik

av Per Sivle

Og oppe i fjellom
der budde eit troll,
og det var eit troll heitte Hein.
han hadde ei stova
der inni ein koll,
og stova ho var no tå stein.
   Og Troll
   i koll
   og Hein
   i stein,
han sat der og lydde i kollen
når jenta bles lur nedpå vollen.

Og jutulen opna
si stein-dør på glytt
og sette si stein-hand for truten:
"Å vene mi jenta,
å skund deg og flytt!
kom opp og ver kona i nuten.
   hjå Troll
   i koll,
   hjå Hein
   i stein!
Eg breier deg gulltjeld på tilja,
om du meg vil vera til vilja!"

"Nei, du er so gamal
og gråkald og tung
og kan inkje kyssa for trynet.
Og eg er so spretten
og raudleitt og ung
og frisk som ein vårdag i synet.
   Du Troll
   i koll,
   du hein
   i stein
- å lium og lu-um og lilja!
eg vil deg kje vera til vilja!"

Kjelde: Per Sivles beste, samlaget, 1992, s. 42

Kommentarer