Helsing til fjella

Vil du ta med deg helsing til fjella
Du som ennå er lett på tå
Vil du helse til reinlav og røslyng
Der min fot ikkje lenger kan gå

Vil du sende meg bud når du er der
Vil du nøre din eld ved mitt tjønn
Vil du sovne på steinen -eg sov der
Vil du gje dei mi siste bøn

At dei kanskje kan hugse eg var der
At eg levde mitt liv der ein gong
Takke for alt eg fekk der
Syng dei min siste song

Vil du ta med deg helsing til fjella
Vil du helse og takke for meg
Vil du be dei å slette gjelda
For den rikdom eg stal steg for steg

-Vil du ta med deg helsing til fjella?

Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 16.

Kommentarer

  1. Så vemodig og fint, og trist. Gruer meg til den dagen evt. kjem at eg ikkje lenger greier å gå i fjellheimen....

    SvarSlett

Legg inn en kommentar